NRK Meny
Normal

Prestisjepris til Mørk og Andsnes

Cellisten Truls Mørk og pianisten Leif Ove Andsnes er med på kvar si plate som i dag vart tildelt Gramophone Award. Prisen går til årets beste klassiske album.

Leif Ove Andsnes og Truls Mørk

Leif Ove Andsnes og Truls Mørk er mellom vinnarane av Gramophone Awards 2012.

Foto: © Özgür Albayrak (Andsnes)/© Stéphane de Bourgies/Virgin Classics (Mørk)

Det britiske bladet Gramophone er ei av verdas viktigaste utgjevingar innan klassisk musikk, og Gramophone Awards vert delt ut kvart år til årets beste klassiske album i ei rekkje kategoriar.

Årets utdeling fann stad i London torsdag, med to norske namn på prisvinnarlista: Leif Ove Andsnes og Truls Mørk.

Vinnarkonsert tileigna Mørk

Truls Mørk er ein av to solistar på albumet som gjekk til topps i klassen for samtidsmusikk: Mørk er solist på Einojuhani Rautavaaras cellokonsert nr. 2 for cello og orkester med tittelen «Towards the Horizon».

Innspelinga vart gjort for det finske plateselskapet Ondine, og Mørk spelar saman med Helsinki-filharmonien og dirigenten John Storgårds.

Nominert i same klasse var også ein cd frå Stavanger Symfoniorkester med fiolinist Peter Herresthal, pianist Ida Mo og dirigent Rolf Gupta, og med musikk av danske Per Nørgård.

– Det er eit svært spesielt, og eg er svært stolt over å spele dette stykket – som er tileigna meg, uttalte Mørk i samband med cd-innspelinga hausten 2011.

Sjå Truls Mørk under innspelinga av albumet:

Spellemannvinnar fekk ny heider

Leif Ove Andsnes vart heidra for innspelinga av Robert Schumann sine klavertrioar, som fekk Gramophone Award i klassen for kammermusikk. Her spelar Andsnes saman med det tyske søskenparet Christian Tetzlaff på fiolin og Tanja Tetzlaff på cello.

Schumann-albumet var det siste Andsnes gjorde før han skifta plateselskap frå EMI til Sony, og fekk tidlegare i år Spellemannprisen for 2011 i klassiskklassen.

Leif Ove Andsnes har frå før vorte tildelt fem Gramophone Awards, mellom anna for innspelingar av Griegs pianokonsert og lyriske stykke. Førre pris kom i 2008, også då i klassen for kammermusikk.