Den årlege korrespondentmiddagen i Washington DC er kjent for å vere eit arrangement med laus snipp der presidentar, pressefolk og komikarar harselerer med kvarandre frå scenen. Men i år skapte vitsinga til komikar Michelle Wolf reaksjonar.
Blant dei som fekk gjennomgå var president Donald Trump, visepresident Mike Pence, pressesekretær Sarah Huckabee Sanders, Ivanka Trump og amerikanske journalistar og mediehus som har tent pengar på Trump-kritikken.
– Ei flau framsyning
Trump har ikkje delteke på pressemiddagen etter at han blei president. I år valde han i staden å halde ein tale for tilhengarar i Michigan. Men på Twitter skriv han at årets korrespondentmiddag var ei flau framsyning der komikaren var totalt mislukka.
– Legg ned heile middagen, eller start på nytt!
- Les:
Fleire av journalistane i Washington reagerte også på det Wolf sa. Ein av dei var Andrea Mitchell i NBC som meinte Sanders og andre som blei angripne under seansen, burde få ei unnskyldning frå komikaren.
Og søndag kveld tok også foreininga for pressekorrespondentane i Det kvite hus, som arrangerer middagen, avstand frå Wolf. I ein utsegn skriv leiaren Margaret Talev at arrangementet var meint å vere samlande, og ikkje splitte folk.
– Dessverre var ikkje monologen til komikaren i tråd med dette oppdraget.
Får støtte
Men fleire tek også Michelle Wolf i forsvar. Ein av dei er komikaren og skodespelaren Kathy Griffin, som fekk massiv kritikk då ho i fjor posta eit bilete av seg sjølv med ei blodig maske som likna på Donald Trump.
Griffin var sjølv til stades under middagen, og meiner alt bråket i etterkant av arrangementet er eit overreaksjon. I ein lang tråd på Twitter langar ho ut mot kritikarane. Ho skriv blant anna at Wolf gjorde akkurat det ho blei betalt for å gjere.
– Ho blei ikkje hyra for å gi medieanalysar eller vere balansert. Ho blei hyra for å gjere narr av mektige personar. Ho sparkar ikkje nedover ein einaste gong.
Sjølv har Michelle Wolf vore ordknapp om kritikken. Men då presseorganisasjonen sende ut meldinga om at dei ikkje kunne stå inne for det Wolf hadde sagt, la ho ut eit bilde på Instagram der ho siterte pressemeldinga.
– Ikkje i tråd med oppdraget.