Guvernør i Ohio John Kasich fekk 1,9 prosent av stemmene i det republikanske nominasjonsvalet i Iowa måndag. No frir han til amerikanske Pink Floyd-fans.
I eit intervju med CNN tysdag snakka han om musikkinteressa si, og sa då at han ville gjenforeine Pink Floyd dersom han blei president i USA.
Kasich fortalde at ein konsert der Roger Waters framførte «The Wall» var den beste konserten han hadde vore på.
– Og dersom eg blir president, skal eg ein gong for alle prøve å samle Pink Floyd igjen for å spele nokre songar.
Kan bli vanskeleg
Om han lukkast, vil Kasich be dei spele «Money» frå «The Dark Side of the Moon».
Men det kan bli vanskeleg å for Kasich å innfri valløftet. Roger Waters er ifølge han sjølv ein liberalar, og han kjem neppe til å like dei pro-israelske standpunkta til Kasich.
Og sjølv om han skulle få Waters på gli, kan det at Waters ikkje er på talefot med David Gilmour gjere ei gjenforeining vanskeleg.