NRK Meny
Normal

Prebz og Dennis: – Det er surrealistisk

Med filmen «Prebz og Dennis: The Movie» tek dei to Youtube-kjendisane vegen frå internettet og inn på kinolerretet. Her kan du sjå video frå premieren på Klingenberg i Oslo.

Preben Fjell

Prebz og Dennis har over 230.000 følgjarar – dei er dei største Youtube-stjernene i Noreg. Fredag kveld har filmen deira premiere. Det er ein komedie om vennskap, kjærleik og konkurranse gutar i mellom.

– Surrealistisk og rart

Både Prebz og Dennis seier at det er ei surrealistisk kjensle å gå oppover den raude lauparen.

– Eg såg ikkje for meg at dette ville skje. Det er absolutt ein stor dag, seier Prebz.

Han fortel at publikum kan vente seg ein lite sjølvhøgtideleg film med mykje humor, ekte kjensler og trillande latter.

– Filmen har ikkje fått kjempegod kritikk. Er du skuffa?

– Nei. Filmen vår er ikkje for filmmeldarane, den er for dei som uansett følgjer oss. Dette er Youtube tatt til eit stort lerret, seier Prebz.

Prebz og Dennis: The Movie

PÅ DEN RAUDE LAUPAREN: Både på filmplakaten og på premieren kunne Prebz og Dennis gå på den raude lauparen.

Foto: Nordisk Film Distribusjon

– Sjokkerande ekte

Dennis seier at det er utruleg at så tullete gutar får lov til å laga film. Og han forsikrar fansen om at dei får sjå nye ting.

Dennis Vareide

FLEIRE PROSJEKT: Dennis avslører at dei allereie har fleire andre prosjekt på lur.

Foto: NRK

– Nokre scener har sjokkerande ekte kjensler. Broren min frir på skjult kamera å sjå at han begynner å grine som ein baby, det vekkjer noko i oss.

– Kva er oppskrifta bak den suksessen?

– Vi starta tidleg med noko populært. Vi har følgd trendar, men vi har òg følgd oss sjølve. Vi har arbeidd hardt, og tatt ting i ei ny retning, seier Dennis.

Mellomoverskrift

Også kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) tok vegen til eit premierepynta Klingenberg saman med familien.

Og medan kulturministeren sjølv vedgår at ho ikkje følgjer nokon på Youtube, er dei to gutane hennar store tilhengarar av Prebz og Dennis.

– Dei er morosame og lagar bra innhald. Vi har kanskje sett tusen videoar av dei. Det artigaste var da dei hadde ei trampoline på kontoret sitt, fortel Bernhard og Konrad.

Helleland seier det er positivt at ein kan bli kjend utan å vera på fjernsyn eller i ein storprodusert film.

– Den yngre generasjonen ser ikkje så mykje på lineær tv, dei ser på Youtube og andre kanalar. Kanskje blir det slik at vi vaksne òg begynner å følgje folk på slike kanalar.

Linda Hofstad Helleland og familie

MED FAMILIEN: Kulturminister Linda Hofstad Helleland er på filmpremiere saman med barna Konrad og Bernhard.

Foto: NRK

Store utfordringar

Prebz og Dennis er kjende for å ta i mot diverse utfordringar frå sjåarane sine, og i filmen må dei utføre nokre av dei største utfordringane nokon gong.

Preben skal koma seg i form, og gå på eit fjell med 60 kilo i ryggsekken, medan Dennis skal ta lappen og få seg kjærast.

Saman med Sondre Mogård og Ruben Vareide, har Preben Fjell og Dennis Vareide sidan 2012 laga sketsjar, lurt kvarandre og kommentert spel på Youtube.

Prebz og Dennis: The Movie

KOMPISGJENG: Ruben Vareide, Dennis Vareide, Preben Fjell og Sondre Mogård.

Foto: North Sea Productions AS