NRK Meny
Normal

Postanvisninga

I P2-Teatret i NRK P2 søndag kan du høre "Postanvisninga" av Driss Chraibi. "Postanvisninga" er en del av markeringen av mangfoldåret i Radioteatret.

Dette stykket er skrive av den senegalesiske forfattaren Sembene Ousmane og er ein del av markeringa av mangfaldåret i Radioteatret. Høyrespelet vart laga i 1971, og går føre seg i eit samfunn på overgangen mellom tradisjonell naturalhushaldning og moderne pengeøkonomi.

Vi møter Ibrahim Dieng, ein from og einfaldig mann som er rådvill og fortapt i hendene på eit maktlystent byråkrati og blir snytt av folk som er sluare enn han sjølv. For å løyse ut pengane nokon har send han, treng han ein legitimasjon, men han kan korkje skrive eller lese og veit ikkje kva tid han er fødd. Det får sørgjelege fylgjer.

Omsett av Ragnvald Skrede.
Komponist: Eivind Solås.
Lyddesign: Sture Bakke.
Regi: Bjarne Andersen.

Dei som er med:
Forteljaren - Astrid Folstad Ibrahima Dieng - Harald Heide Steen Mety - Åsta Voss Aram - Ulrikke Greve Herr Bah - Carsten Winger Mbarka - Øyvind Øyen Maissa fall - Pål Skjønberg Postekspeditør - Erik Øksnes Skrivar - Asbjørn Toms Vakthavande - Finn Bernhoft Politimann - Sverre Holm Funksjonær - Sverre Wilberg Madiagne Diagne - Wilhelm Lund Ambroise - Kåre Wicklund Syster til Ibrahima - Sonja Heiberg

Send første gong i 1971.