NRK Meny
Normal

Nordmenn sine flyttemønster vekkjer merksemd i utlandet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Even Westvang har laga ein video som visualiserer flyttestraumen til over 300 000 nordmenn. Han brukte data frå skattelistene.

Agnese Bremere
Journalist

Artikkelen er flere år gammel.

Even Westvang har laga ein video som visualiserer flyttestraumen til over 300 000 nordmenn. Han brukte data frå skattelistene.

Even Westvang

EVEN WESTVANG: Jobbar med datavisualisering.

Foto: Privat

– Eg var irritert på korleis pressa brukar skattelistene. Eit så rikt datasett burde brukast til noko meir enn å fortelje folk kor mykje engleinntekt Prinsesse Märtha Louise hadde i fjor, seier Even Westvang, som jobbar med datavisualisering.

Han bestemte seg for å lage ein animasjon som viser over 300 000 nordmenn, som endra postnummer mellom 2006 og 2007.

– Eg lurte på kor kompleks informasjon ein kunne visualisere, seier han om ideen bak prosjektet.

Westvang har tidlegare laga ein visuell oversikt over korleis skulane i landet gjer det på nasjonale prøver.

(Saka held fram uder biletet)

Interesse i utlandet

deluge even westvang bergen

BERGEN: Kvar flyttar dei?

Foto: Even Westvang / http://vis.bengler.no/

Animasjonen, som heiter «Deluge», har blitt omtala på nettsidene til den engelske avisa «The Guardian», og det amerikanske radioprogrammet «Radiolab» la ut ein melding om den på den sosiale nettstaden «Twitter».

I tillegg har bloggar i datavisualiseringsmiljøet delt den flittig.

– Teljaren på videonettstaden verkar ikkje, så den har stoppa på 9000. Kor mange som har sett videoen er vanskeleg å seie, seier Westvang.

(Saka held fram uder biletet)

deluge av even westvang

TIL OG FRÅ: Dei blå strekane er folk som flyttar frå ein plass. Dei raude, folk som flyttar til plassen.

Foto: Even Westvang / vis.bengler.no

Såg på skattelistene

Westvang fekk lov til å utforske dataene på vegne av «Avisenes Nyhetsbyrå».

– Det var berre 50 000 nordmenn som ikkje var unike om ein kombinerar namn og fødselsår. Når desse vart luka vekk, var det kring 3,9 millionar skattytarar igjen, og av desse hadde kring 320 000 endra postnummer frå det eine året til det andre, fortel Westvang om prosessen med å undersøkje datasettet.

Westvang har vist animasjonen til forskarar i samfunnsgeografi. Dei sa at sjølv om den ikkje stod på eigne bein som fasit på migrasjon innanfor landet, så viste den i aller høgste grad mønstre som stemmer, fortel han.

Westvang har brukt si eiga tid på prosjektet. Til dagleg jobbar han i «Origo», som utviklar det sosiale aspektet til avisene i «A-pressen».

– Det er gøy å vise ein stor og uhandgripeleg prosess på ein visuell måte. Folk får sjå verda på ein ny måte, og eg trur mange opplever det som verdifullt. I tillegg er den rett og slett fin å sjå på, seier han.