Blant høge fjell og tronge fjordar finn du eit av dei mest etablerte banda på NRK scenen. Popscore kjem frå Øvre Årdal i Sogn og Fjordane og spelar enkel og ukomplisert popmusikk.
Gode ord
I potten blant usignerte band har Popscore allereie blitt lagt merke til av musikkbransjen i Noreg. Bandet fekk svært gode kritikkar for sin debut EP "Sweet". Det siste året har og fleire av låtane surra på norske radiostasjonar.
Popscore satsar sterkt på gode poprock- melodiar. Som dei seier sjølv så skal dette vere "rufsete melodiøst, med noe ekstra frå scenekanten". I følgje publikum held Popscore det dei lover
Etter fleire år som fire blei bandet utvida med sistemann, Otto Pay frå Oslo tidlegare i år. Bandet frå fjordfylket er plassert som siste band på NRK scenen, mellom Grant Lee Phillips og Bob Hund, noko dei erfarne musikarane heilt sikkert meistrar.
Popscore er:
Odd Inge Rand - bass
Frode Aga – vokal
Alf Magne Hillestad – trommer
Ole Rasmus Hjelle – gitar
Otto Pay – gitar
Popscore