Mykle døydde etter eit kortare sjukeleie, melder Adresseavisen.
Arne Bust Mykle var son til forfattaren Agnar Mykle. Agnar Mykle heitte opphavleg Agnar Myklebust, men fjerna bust frå namnet slik at etternamnet vart Mykle. Sonen tok bust inn i namnet igjen, men gjorde det til eit mellomnamn.
Arne Bust Mykle er mest kjend for Barne TV-figurane Pompel og Pilt. Serien på fem episodar laga han saman med Bjørg Mykle og Ebbe Ording i 1969. Sidan vart serien sendt i reprise fleire gonger og har opparbeidd seg ein solid kultstatus.
Arne Mykle har også jobba som lærar, han har vore kunstnarleg leiar ved Oslo Nye Teaters Dukketeater, og han dreiv sjølv Dukketeaterverkstedet.