Polanski får støtte i Cannes

Fleire fimskaparar gav i dag si støtte til regissør Roman Polanski, som står i fare for å verte utlevert til USA for ei gammal sex-sak.

Roman Polanski

Roman Polanski har fleire gonger delteke på Cannes filmfestival, som her i 2007. No sit han i husarrest i Sveits.

Foto: VALERY HACHE / Afp

Kilde: NTB/AFP

Samstundes som filmfestivalen i Cannes starta for alvor onsdag, samla fleire regissørar seg i byen ved den franske rivieraen seg for å gje si støtte til kollega Roman Polanski.

Den kjende regissøren vart arrestert i Sveits i september 2009 , og USA håper no å få utlevert Polanski som er ettersøkt for å ha hatt seksuelt samkvem med ei mindreårig jente.

Agnes Varda

Den franske filmskaparen Agnes Varda støttar Roman Polanski.

Foto: Carlos Jasso / AP

Jean-Luc Godard, Agnes Varda, Bertrand Tavernier og Oliver Assayas er blant dei som har skrive namnet sitt på ei liste som krev at sveitsiske styresmaktene aktivt hjelper til med å hindre at regissøren vert utlevert til USA, melder nyhendebyrået AFP.

Ville ha innsyn i vitnemål

Roman Polanski har hevda at USA si oppmoding om utlevering frå Sveits er basert på løgner. Tidlegare denne månaden snakka han for første gong sidan arresten ut om saka, og hevda at USA ville ha hovudet hans på eit fat.

I utsegna insisterte Polanski på at han hadde sona den avtalte tida, og at påstandane i utleveringsordren var falske.

Han bad difor om at eit hemmelegstempla vitnemål skulle verte frigjeve, fordi dette ville ha stadfesta hans versjon av saka. Men på måndag vart dette avslått av ein dommar i Los Angeles, med den grunngjevinga at vitnemålet ikkje tilfører saka noko nytt.

Polanski sit no i husarrest i Sveits, medan han ventar på å verte utlevert til USA. I 1977 vart han dømd til fengsel for å ha hatt sex med ei 13 år gammal jente, men flykta til Europa før heile straffa var sona, og har sidan vore på flukt frå dei amerikanske styresmaktene.