Hopp til innhold

Jarle Klepp på nye eventyr

Årets Jarle Klepp-roman ligg fleire hakk over den miserable fjorårsboka. Tore Renberg skriv om kva som skjer med Jarle når han treff på dattera og kjærasten hennar på rockefestival, i boka "Pixley Mapogo"

Tore Renberg
Foto: Dag Knudsen

Samstundes understrekar Pixley Mapogo seriepreget ved prosjektet til Tore Renberg som til no har skrive fire romanar om sin generasjonsfrende, og som har planar om dramatisk mange fleire i åra som kjem.

I fjor var Jarle den svartkledde intellektuelle som brått får ansvaret for ei sju år gammal dotter han ikkje visste han hadde. Gjennom Jarles takling av situasjonane som oppstod fekk Renberg sagt noko både om intellektuelt åndssnobberi og om korleis vi tek oss av barna.

Rasisten i oss alle

'Pixley Mapogo' av Tore Renberg

Tore Renberg skriv betre om Jarle Klepp denne gongen, meiner kritiker Marta Norheim. Han møter Pixley Mapogo på konsert og det får konsekvensar.

Foto: Exil Design

I år får Jarle ein svart mann litt for tett innpå seg, og den aktive antirasisten lirer spontant av seg formuleringar som ville fått sjølv Siv Jensen til å kremte nervøst om dei skulle ha kome frå hennar eigne. Sjølv om mange velutdanna, liberale nordmenn har antirasistiske meiningar, så ligg rasismen og lurer rett under overflata når vi blir pressa aldri så lite. Dette er årets tema.

Dermed er det sagt at Renberg ikkje lenger leverer mangefassetterte historier om samansette menneske slik han gjorde i dei to første Klepp-romanane og spesielt i Kompani Orheim. Likevel er Pixley Mapogo ein meir interessant roman enn Charlotte Isabel Hansen, og det på fleire måtar:

Betrevitaren er borte

Den litt snusfornuftige, betrevitande forteljaren som fortalte oss lesarar kva vi burde meine om viktige spørsmål i samtida er så godt som borte. Jarles oppgjer med universitetseliten var også teikna med såpass tydeleg penn at det mista interesse etterkvart.

I år er det indre- eller i alle fall familiære- problem som råkar han og dermed må både skildringane og løysingane vere annleis. Og sjølv om vi også her finn situasjonar som er dregne langt ut, så er den litt slapstick-aktige preget mindre påfallande i år. Vi trur på Jarles kvaler denne gongen.

Gjenforeining på Øyafestivalen

Og kva er det så som skaper kvalene: Jo, den uskuldige vesle Lotte har blitt stor. Ho går på vidaregåande og har fått seg kjærast, ein svart kjærast. Jarle oppdagar dei in flagranti på den store The Smiths-reunionkonserten på Øyafestivalen i 2007, der han er på plass med dei gamle kompisane og med penn og papir for å skrive ein kritikk til Stavanger Aftenblad, ein kritikk som skal få namnet Jarle Klepp til å lyse som ei stjerne på den Oslo-dominerte smaksdommarhimmelen.

Det blir mykje. Det blir for mykje for Jarle, men historia balanserer hårfint, godt støtta opp av det gode drivet i teksten.

Dette er ein mørkare roman enn Charlotte Isabel Hansen, der Jarle stod for den raskaste personlege mogningsprosessen i norsk litteratur etter Nora. I Pixley Mapogo blir det gjenteke fleire gonger at Jarle er ein mann som ikkje lærer av erfaringar, som ikkje blir klokare, men som er som han er og det er det ingenting å gjere med. Og handlinga underbyggjer påstanden: Når bestevenen Helge treng hjelp, er ikkje Jarle akkurat den som oppdagar alvoret først, og slett ikkje den som veit kva han skal gjere med det. Slik Jarle også tidlegare har hatt store problem med å leve seg inn i andres situasjon; han er rett og slett for full av seg sjølv. Den overskridande erfaringa med dottera i bok nummer tre ser ut til å ha vore eit blaff.

- Jeg er faren hennes!

Handlinga går over eit knapt døgn, og store deler utspelar seg på Smiths-konserten. Utvalte brokkar av tekst frå scenen flettar seg inn i handlinga og gjev skrå kommentarar til det dramaet som utspelar seg mellom nokon publikummarar denne kvelden. Desse er med på å byggje ut ei side ved romanen som er vel så interessant som rasismesporet: Det handlar om aldring. Jarle ser at ”alt liv hadde begynt å rynkes” -ikkje minst hans eige. Og han avskyr kroppens forfall. Han har eit skarpt blikk for andres viker og grå hår i tinningane. Konfrontert med ung elsk, blir han detronisert til den eldre generasjonen. Pixley er ung, viril, attraktiv. Det einaste Jarle har å stille opp med mot alt dette, er foreldreautoriteten: ”Dette er mer enn nok! Hører du! Jeg er faren hennes -FAREN HENNES!- og du skal-”

Gripende om Jarle denne gangen

Denne kampen mot dei unge er Jarle dømt til å tape. Og på slutten av romanen er det ikkje si eiga aldring han avskyr: ”Det lå noe tykt i luften i dette rommet, noe … ekkelt … noe motbydelig …noe …ungt …”

Jarle er ein mann som er ute av stand til å forandre seg, men tida får kroppen hans til å forfalle og foreldreautoriteten til å smuldre. Ein ugrei situasjon, som gjer årets Jarle-eventyr meir gripande enn fjorårets. Skal tru kvar Jarle, den travle kanin, hoppar neste gong?

* Flere saker fra NRK Litteratur HER

Kulturstrøm

  • Dokumentaren om Mats «Ibelin» Steen tatt ut til Sundance

    Benjamin Rees kinodokumentar «Ibelin» er en av tre norske filmer som er tatt ut til hovedkonkurransen i Sundance-festivalen, melder Deadline onsdag kveld. Det skriver også Norsk filminstitutt i en pressemelding.

    Dokumentaren er basert på den norske gameren Mats Steen, som døde av muskelsykdom bare 25 år gammel. Da NRK fortalte historien om hans innholdsrike digitale liv i 2019, slo den alle trafikkrekorder på nrk.no og fikk både nasjonal og internasjonal oppmerksomhet. Historien ble også oversatt og publisert hos BBC.

    Dokumentaren gjenskaper livet til Mats´ avatar «Ibelin» i spillverdenen, og er produsert av Medieoperatørene og Ingvil Giske.

    Sundance Film Festival er den største uavhengige filmfestivalen i USA, og feirer 40 år i januar. Det er andre gang filmskaper Benjamin Ree har en verdenspremiere under festivalen, sist i 2020 med «Kunstneren og tyven». Han tror Sundance vil være en perfekt arena for «Ibelin».

    - Vi er superstolte av å ha verdenspremiere på Sundance filmfestival. Vi har tatt en stor sjanse med denne filmen, siden vi gjenskaper et faktisk levd avatarliv med spillgrafikk, blandet med familievideoer og intervjuer. Det har aldri blitt gjort før på denne måten før, uttaler han.

    Samtidig er også Thea Hvistendahls spillefilm «Håndtering av udøde» og Silje Evensmo Jacobsens dokumentarfilm «Ukjent» tatt ut til festivalen.

    - Sundance er en av verdens viktigste filmfestivaler og en sentral inngang til det nordamerikanske markedet, så at vi har to dokumentarfilmer og en spillefilm i konkurranseprogrammene er bevis på det høye internasjonale nivået på norsk film, sier Kjersti Mo, direktør i NFI, i pressemeldingen.

  • Taylor Swift er kåret til årets person av magasinet Time

    Magasinet kårer årets person hvert år, og i år er superstjernen Swift vinneren av den gjeve prisen.

    I sin begrunnelse slår Time fast at 2023 har vært et mørkt år.

    – I en polarisert verden der mange tradisjonelt sterke krefter sliter, har Taylor Swift funnet en måte å krysse grenser og være en positiv inspirasjonskilde. Ingen annen person på denne jorda kan akkurat nå treffe så mange mennesker, skriver Time.

    34-åringen er på verdensturné og høstet inn rekordinntekter fra billettsalget i Nord-Amerika. Flere av hennes gamle låter har havnet på topplistene igjen etter at hun har gitt ut nyinnspillinger av dem.

    Swift var en av ni personer som var nominert. Blant de andre var Russlands president Vladimir Putin, KI-pioner Sam Altman, kong Charles og lekedukken Barbie.

    Fjorårets utmerkelse gikk til Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.