David Gilmour si gitarsamling på 127 gitarar blei auksjonert bort på auksjonshuset Christie's i New York.
Det var særleg knytt stor spenning til David Gilmour sin mest ikoniske gitar, «Black Strat». Ein unik Fender Stratocaster som er brukt på fleire av dei mest kjente songane, som «Comfortably numb» og «Hey you».
Det var venta at den svarte Fender-gitaren ville gå for minst ein million kroner. Etter bodrunden enda gitaren på $3,975,000 som tilsvarar omtrent 34 millionar kroner.
Heile samlinga blei auksjonert bort for til saman 21,5 millionar dollar eller 185 millionar kroner.
Pengane skal David Gilmour donere til Client Earth, ein veldedig organisasjon som nyttar rettssystema til å vinne fram i kampen mot klimakrisa.
Den norske jazzgitaristen Frode Barth var til stades under auksjonen. Han fekk, som ein av få, prøvespele fleire av gitarane i forkant av auksjonen.
– Det var ei fantastisk og nesten uverkeleg oppleving. Det var som å komme inn i eit heilag rom.
Baud opp mot ein million
Frode Barth var med å by på fleire av dei mest unike gitarane under auksjonen i går. På «Black Strat» baud han opp mot ein million kroner.
– Det var uverkeleg for meg å vere med i ein bodrunde som hadde så stor sum. Det var eit adrenalinkick. Ganske raskt var det heilt klart at eg ikkje kunne måle meg med dei kreftene som var i sving, seier Barth på telefon frå New York.
Sjølv om det ikkje blei noko David Gilmour-gitar på Frode Barth, dreg han ikkje tomhendt heim frå New York.
– Eg har med meg ei utruleg oppleving. Eg har fått spele på gitarer som veldig få i verda har fått spele på. Medan andre berre har gått og sikla og ikkje har fått ta på dei ein gong, så har eg fått boltre meg og prøvd ut mine ting på dei gitarane. Eg føler meg mykje rikare når eg reiser heim, seier Barth.