Hopp til innhold

Pernille Sørensen er sjuk – Christian Mikkelsen er vikar

Pernille Sørensen har fått luftvegs-symptom, og må stå over «Nytt på Nytt». Igjen. Inn kjem Christian Mikkelsen.

Nytt på Nytt fredag 04.02.22

Kjetil B. Alstadheim, Christian Mikkelsen, Bård Tufte Johansen, Johan Golden og Anette Trettebergstuen skal gå gjennom vekas viktigaste saker.

Foto: Ole Kaland / NRK

Det blir både skummelt og gøy! Eg har vorte kasta inn i det, men blir tatt godt vare på av ein rutinert gjeng, seier Mikkelsen.

For tredje gong er «Nytt på Nytt» ramma av korona. I starten av januar var det programleiar Bård Tufte Johansen som måtte kaste inn handkleet etter å ha blitt smitta av det pandemiske viruset.

For to veker sidan måtte Pernille Sørensen og Johan Golden vere i karantene på grunn av sjukdom i heimen.

Denne gongen må Pernille Sørensen igjen sjå «Nytt på Nytt» frå sofaen, då ho har fått luftvegssymptom. Ho har ikkje testa positivt for korona.

– Pernille skuldar meg ein nå

Den som skal fylle Sørensens sko er NRK-profilen Christian Mikkelsen.

Christian Mikkelsen er vikar i Nytt på Nytt for Pernille Sørensen

Christian Mikkelsen førebur seg til sending.

Foto: Kjetil Kooyman / NRK

Komikaren og skodespelaren er kjent frå ei rekke NRK-program, som blant anna «Underholdningsavdelingen», «Martin og Mikkelsen» og «Visning».

Det beste med det heile er nok at Pernille skuldar meg ein nå, så til vårdugnaden i bakgarden kan naboane mine forvente seg å sjå Pernille Sørensen med rake og arbeidshanskar, legg 31-åringen til.

Skal prøve å ikkje skitne til arven

På spørsmål om kva Mikkelsen gler seg mest til svarer han:

Berre å vere på «Nytt på Nytt» var jo ein barndomsdraum, så det her er ein slags bucket list 2.0.

Som lagleiar har ein eit større ansvar, samtidig som ein kan vere litt vrang. Det blir gøy. Alt i alt skal eg prøve å ikkje skitne til Sørensens arv til ho kjem tilbake!, fortset han.

Nytt på nytt

ATTSYN: Christian Mikkelsen har vore med i Nytt på Nytt før, men da som gjest.

Foto: Anne Liv Ekroll

Byllepest og kvilepuls

Prosjektleiar i «Nytt på Nytt», Kjetil Kooyman, legg ikkje skjul på at han lengtar tilbake til 2019 gitt situasjonen.

Det var ei fin tid, der biholebetennelse var ei hending ein la merke til. Nå kan folk få byllepest utan at vi går over kvilepuls i redaksjonen. I alle fall så lenge flinke folk som Christian Mikkelsen og dei andre vikarane stiller opp, seier han.

Denne veka er det kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen og Aftenposten-kommentator Kjetil B. Alstadheim som er gjestar.

RETTING kl. 20.00: NRK skreiv fyrst at Pernille Sørensen hadde fått korona. Det stemmer ikkje. Det riktige er at ho har symptom, men ho har ikkje testa positivt for viruset.

Nytt på Nytt kan du sjå fredag på NRK 1 kl. 21.05 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober