Hopp til innhold

Per Kleiva er død

Den kjende biletkunstnaren Per Kleiva er døydde søndag morgon, 84 år gamal.

Per Kleiva blant gjestene på trikketuren

Per Kleiva var ein av dei leiande politisk engasjerte kunstnarane på 1960- og 1970-talet.

Foto: Ole Kaland / NRK

Per Kleiva blei fødd 1. april i 1933 i Torsken i Troms, og vaks opp i Troms og på Sunnmøre. Han arbeidde med måleri og grafikk, og var ein av dei leiande politisk engasjerte kunstnarane på 1960- og 1970-talet. Han var i fleire år medlem av kunstnarkollektivet GRAS, som ville spreie kunst til folk flest.

Han er særleg kjent for bildet «Amerikanske sommerfugler», som er eit silketrykk som viser amerikanske helikopter som sommarfuglar over Vietnam. Og bildet «Blad fra imperialismens dagbok» frå 1971 blei kåra til eitt av dei tolv viktigaste norske kunstverka laga mellom 1945 og 2005 av Morgenbladet.

"Imperialismens dagbok"

Biletet «Blad fra imperialismens dagbok» blei kåra av Morgenbladet til eitt av ei tolv viktigaste norske kunstverka i perioden 1945 til 2005.

Kleiva debuterte på Haustustillinga i 1963. Sidan har han hatt fleire utstillingar både i Norge og utlandet. Bilda hans er kjøpt inn av fleire kunstinstitusjonar som Nasjonalmuseet, Henie Onstad Kunstsenter og Nord-Norsk Kunstmuseum.

Ida Drage, som er kona til Kleiva, seier til Dagbladet at ektemannen sovna stille inn søndag morgon, etter å ha vore svak i lengre tid.

Kulturstrøm

  • Røynesdal ny direktør i Nasjonalmuseet

    Ingrid Røynesdal blir ny direktør i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

    Røynesdal kommer fra jobben som administrerende direktør for Oslo-filharmonien, der hun har vært leder siden 2013.

  • Roger Waters etterforskes av tysk politi

    Artisten Roger Waters, som var med på å grunnlegge Pink Floyd, blir etterforsket av tysk politi etter at han brukte en nazilignende uniform på scenen i Berlin.

    Bilder i sosiale medier viser Waters iført en lang, svart frakk med røde armbånd på scenen under en konsert på Mercedes-Benz Arena forrige uke.

    – Vi etterforsker på grunn av mistanke om oppfordring til hatytringer fordi klærne som ble brukt på scenen kan brukes til å forherlige eller rettferdiggjøre nazistyret, og dermed kan forstyrre den offentlige orden, sier politiets talsperson Martin Halweg til AFP. (NTB)