Hopp til innhold

Påverkarar får stadig meldingar om å promotere nye kryptovalutaar

Etter at Ina Luna Gundersen posta om krypto på TikTok, har ho fått 60 førespurnadar om å promotere nye kryptovalutaar. – Dei er avhengige av «hypen» for at folk skal kjøpe.

Påverkar Ina Luna Gundersen poserer.

Ina Luna Gundersen har nærare 60.000 følgjarar på TikTok-profilen sin.

Foto: Privat

Ina Luna Gundersen gjekk viralt på videodelingstenesta TikTok då ho fortalde om gevinsten ho tente på å kryptovalutaen SafeMoon.

Etter det har innboksen hennar fylt seg opp med førespurnadar frå folk som ønskjer at ho skal promotere den nye digitale valutaen deira på TikTok.

– Det seier litt om kor avhengige nye kryptovalutaar er av at påverkarar skapar «hype» for at dei skal gå rundt.

Påverkar In Luna Gundersen avbilda på Sukkerbiten i Oslo.

Påverkaren Ina Luna Gundersen, som står bak TikTok-kanalen lunatichh.

Foto: Privat

Gundersen har omlag 60.000 følgjarar på TikTok. Ho har fått tilbod om alt frå 200 kroner til 10.000 kroner for å legge ut reine reklamevideoar for nye kryptovalutaar.

– Videoen som gjekk viralt hadde 1 million sjåarar, og det var mange som sende meg meldingar med spørsmål om kva kryptovaluta dei skulle investere i etter det. Eg trur at fleire hadde kjøpt det eg hadde reklamert for.

Gundersen meiner at det ikkje er sikkert at folk hadde plukka opp at det fanst nye kryptovalutaar om det ikkje var for at influensarar eller folk med mange følgjarar hadde omtala dei.

– Om det er klede, ei bok eller krypto, så er det slik marknadsføringa fungerer no.

Ei undersøking utført av Ipsos viser at over 60 prosent av barn og unge følgjer påverkarar. Samtidig har 32 prosent i same gruppe kjøpt eit produkt fordi nokon dei følgjer har reklamert for det.

– Kan øydelegge det økonomiske livet

Tom Staavi, Informasjonsdirektør i Finans Norge samanliknar finans påverkarar med motebloggarar. Dei har begge stor påverknad på følgjarane sine.

Finans Norge, Tom Staavi

Tom Staavi, Informasjonsdirektør i Finans Norge.

Foto: CF Wesenberg / Finans Norge

– Nokon blir så gira på tanken om å bli rik at dei til dømes startar å ta opp usikra gjeld for å følgje råda til finfluensarar. Då meiner eg at du kan øydeleggje ditt økonomiske liv før det i det heile har starta.

– Om ein går inn i denne marknaden utan kompetanse, kastar ein i prinsippet pengane blindt etter noko.

Staavi påpeiker at det finst rundt 11.000 forskjellige typar digitale pengar. Han meiner at norske finanspåverkarar til ein viss grad kan «hype » opp nye, små kryptovalutaar, men at dei først og fremst kan påverke følgjarane sine.

Han ber unge om å tenke over dette før dei investerer i krypto etter råd dei har funne på TikTok:

– Kva motiv har finfluensarane for å gje råd om det dei gjer råd om? Tener dei pengar på det? Har dei kompetanse? Er dette noko dei driv med mest for gøy?

– Eg meiner det er urovekkande. Det er ein ekstrem risiko, som betyr at du kan tape alle pengane dine.

Stadig yngre investorar

Ei amerikansk undersøking frå University of Chicago viste nyleg at dei fleste som investerer i krypto er yngre enn dei som investerer i aksjar. Den norske kryptoplattforma MiraiEx har merka at kjøparane blir yngre.

– Gjennomsnittsalderen til kundane våre er 33 år, ned frå 35 år i fjor, seier Thuc Hoang, dagleg leiar i MiraiEx.

Mange unge lærer om finans gjennom sosiale medium, noko som gir stor makt til dei som legg ut innhald om økonomi.

Dei siste vekene har tidlegare Paradise Hotell deltakar og påverkar Erik Grande Garcia vore i hardt vêr etter at han har gitt ut finansråd til unge gjennom TikTok-profilen sin «Wolf of bygda».

Han skal periodevis ha tent fleire hundre tusen i månaden på å verve følgjarane sine til plattforma MiraiEx der dei kan kjøpe krypto. I slutten av juli innrømte han til Dagens Næringsliv at folk har tapt halvparten av pengane sine etter å ha følgt anbefalingane hans.

NRK har vore i kontakt med fleire påverkarar innan finans. Profilane Eugene Andersen og Investermed Nina har begge fått liknande meldingar om å promotere nye kryptovalutaar på TikTok.

Dei har takka nei til tilboda fordi dei synest det er for risikabelt å investere i små, nye kryptovalutaar til at dei ønskjer å påverke følgjarane sine til å gjere det.

Ina Luna Gundersen har også takka nei til alle førespurnadane. Ho meiner det ikkje verkar som ei trygg investering når dei er avhengige av å betale påverkarar for å få det til å gå rundt. Ho er også redd for at følgjarane hennar skal tape alle sparepengane sine.

Gundersen er frilansjournalist og er for tida tilknytt underhaldningsavdelinga i NRK.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober