Hopp til innhold

Paul McCartney nekta inngang på Grammy-fest

Sir Paul McCartney fekk ikkje kome inn på nachspielet til Grammy-prisen fordi dørvakta ikkje kjente han igjen.

Han blir rekna som ein av dei største låtskrivarane i rock- og pophistoria. Men då Paul McCartney skulle feste med blant andre Beck og Foo Fighters-trommis Taylor Hawkins, blei det bråstopp, melder kjendisnettstaden TMZ.

US-ALEXANDER-WANG---FRONT-ROW---FALL-2016-NEW-YORK-FASHION-WEEK

Rapparen Tyga, her saman med kjærasten Kylie Jenner, var vert for festen der Paul McCartney blei nekta i døra.

Foto: Jamie McCarthy / Afp

Dørvakta nektar Paul McCartney å kome inn på etterfesten to gongar. Verten er rapparen Tyga, kjærasten til Kylie Jenner i Kardashian/Jenner-klanen. Det heile er filma og lagt ut på nettstaden. Der kan vi høyre McCartney seie:

– Kor VIP er det mogleg å bli? Vi treng ein ny hit!

Paul McCartney prøver fleire gongar å overtale dørvakta, men utan å lukkast. Etter det andre forsøket gir dei opp, og reiser vidare til ein annan fest.

Lang karriere

US-REPUBLIC-RECORDS-GRAMMY-CELEBRATION-PRESENTED-BY-CHROMECAST-A

Paul McCartney på veg inn på festen til Republic Records etter at han blei nekta inngang på ein annan fest.

Foto: Imeh Akpanudosen / Afp

Paul McCartney har i løpet av seks tiår levert hits både i grupper som The Beatles og Wings og som soloartist. I tillegg har han samarbeidd med andre artistar og skrive orkestermusikk og ballettmusikk. I samband med valentinerdagen skreiv han også musikk til emojiar på oppdrag for Skype.

Men det er ikkje første gong folk tilsynelatande ikkje veit kven McCartney er. Då han samarbeidde med rapparen Kanye West i 2014, var det fleire som på Twitter skreiv at dei ikkje ante kven denne McCartney var, men at han verka talentfull.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober