Lufta er på flyet si side
På førehand hadde Per Åge Krogstad fortalt meg litt om korleis eit fly kan halde seg i lufta. I ein vindtunnel på NTNU viste han meg korleis lufta går raskare over ein flyvinge enn under flyvingen - viss ein berre passar på vinkelen til flyvingen. Rask luft har mindre trykk enn treg luft – derfor blir det undertrykk på overvingen og flyet blir pressa opp! Lufta er altså på mi side. Det var godt å vite før vi skulle opp i flyet.
Vi tar av!
Etter eit kort kurs med Stein Erik som er flyinstruktør og har flydd i mange år, er vi klare til å ta av. Vi set oss inn i cockpiten, Stein Erik på høgre side, og eg på venstre side (og ein nervøs produsent Ågot med kamera i baksetet). Heldigvis er det to sett med styrefunksjonar i flyet sånn at Stein Erik kan ta over viss eg gjer noko feil.
Det vert litt vanskeleg allereie i byrjinga, for når flyet køyrer på bakken brukar ein pedalane til å styre flyet, og ikkje rattet (eller stikka som det heiter i eit fly)! Heilt motsett frå ein bil! Men etter ei stund kjem vi endeleg fram til flystripa og får lov av flytårnet til å ta av. Stein Erik fortel meg at eg skal dytte gass-spaken heilt inn, og når eg gjer det, fer vi kjempefort framover. Når vi har god nok fart, trekk eg i stikka – då vippar vingane ned slik at vinden får tak – og vips! så er vi i lufta!!! Jippi!
Her gjeld det å ikkje ha høgdeskrekk!
Sidan flyet er så lite, får ein mykje betre utsikt enn i eit vanleg fly. Det kiler skikkeleg i magen når ein ser ut! Men det er ikkje så vanskeleg å styre flyet når det først er i lufta. Når du vrir stikka til venstre, svingar flyet til venstre. Når du vrir stikka til høgre, svingar det til høgre. Viss ein vil opp, trekk ein stikka mot seg og viss ein vil ned, dytter ein stikka inn. Høyrest det ikkje enkelt ut? (Men eg er no likevel glad for at Stein Erik sit ved sidan av meg..)
Tilbake til landjorda
Etter ein super tur i lufta må vi til slutt ned igjen på bakken, men då må Stein Erik redde meg litt for det er skikkeleg vanskeleg å styre etter den tynne landingsstripa. At dei ikkje kan male den litt breiare! Fotografen Roger som var oppe i lufta i eit anna fly for å filme oss, sa at det såg ut som om eg sikta meg inn på flytårnet…
Pytt, pytt. Vi kom oss jo ned, og det var kjempekult å fly!
Av Unni Eikeseth.
Newton, 13.oktober 2002, kl.18:30.