Sørgestemning
Den første krigspåska under andre verdskrigen var eigentleg i 1939, då Mussolini gjekk laus på Albania sjølve langfredagen, i den stille veka. Men her heime var det først i 1941 at vi fekk føle ufreden på kroppen.
Oslo 1941. Foto: Scanpix
- Det var malt svarte kors på gatene og husveggane, og folk gjekk med svarte slips, fortel Hartvig Kiran og Trygve Strøm i eit utdrag frå eit program om påskene under 2. verdskrigen frå 1946. Og frå to til halv tre på føremiddagen var det ingen som arbeidde. Då sto Noreg stille i «den stille halvtimen».
- Det var stille i gatene resten av dagen òg, bortsett frå då tyskarane marsjerte rundt og skrålte, fortel Strøm.
Skule- og kyrkjestrid
To løfter vart gjeve det norske folk påskedagane 1942, då dei såkalla skule- og kyrkjestridane sto på.
- Mange lærarar sat allereie fengsla på Gjørstadmoen, men det må ha vore ei oppleving for dei å sjå korleis det norske folk tok det, seier Strøm. Det som greip folket var den lovnaden lærarane las opp for elevane sine om at dei aldri ville gjere nokon ting som streid mot samvitet deira.
Det andre løftet kom frå preikestolane over heile landet, nemleg «Kirkens grunn», der prestane vedkjende at «den hellige skrift er eneste grunnlag og rettesnor for kristelig lære og liv».
Bursdagsfeiring opp i røyk
Tysdag 20. april 1943 feira tyskarane Hitler sin bursdag i Oslo. Dei køyrde fram på Universitetsplassen med tunge tanks, briska seg med hanemarsj og demonstrerte makta si, men litt seinare på kvelden gjekk heile bursdagsfeiringa opp i røyk. Då small det nemleg i Kartoteket til Oslo arbeidskontor, og det var nordmennene sin tur til å demonstrere.
Om du vil høyre Hartvig Kiran og Trygve Strøm fortelle meir om desse krigspåskene og om dei to neste i -44 og –45, kan du klikke på linken i medieboksen ovanfor.
Norgesglasset NRK P1 08.04.2004