Eit heldig samanfall
At Eidsvoll-samlinga tok til denne 1. påskedagen , 10. april 1814, var heilt tilfeldig. Grunnen var hastverk frå mellom andre prins Christian Fredrik si side, og så vart altså 1. påskedag den første samlingsdagen.
- At det var påske såg dei på som eit heldig samanfall. Det ga liksom den rette, og til og med den sakrale ramma rundt det heile, seier Torleif Hamre, konservator på Eidsvoll 1814.
Skarpe tunger
Det var prins Christian Fredrik sjølv som ville starte arbeidet med grunnlova med gudsteneste og velsigning frå Gud. Men det vart ikkje så vellukka som ein skulle tru. Den over 80-år gamle prosten talte lenge og vel, og var så full av smiger til prinsen, at sjølv prinsen mislikte det. Og det mangla ikkje på reaksjonar frå representantane. Ein av representantane skildra det slik: «Presten prekede lenge, kjedsommelig og ekkelt». Ei meining han ikkje var åleine om, skal vi tru Eidsvoll-mennene sine mange brev og dagbøker frå opphaldet.
Maleri av Oscar Wergeland i Stortingssalen: "Riksforsamlingen på Eidsvold 1814". Scan-Foto: Arkiv/SCANPIX
Forventning og fryd
Samlinga av sterke personlegdomar skulle kome til å skape mange konfliktar i løpet av den tida dei var på Eidsvoll, men den første dagen, og den første middagen skilte seg ut.
- De er fleire som kommenterer at det var spesielt god stemning den første dagen, seier Hamre.
Representantane var prega av forventning og fryd, og som ein av mennene skildra det, herska «en konversasjon utrolig munter og livfull i dette blandede lag».
Dersom du vil høyre meir om kva Eidsvoll-mennene tok seg til desse siste påskedagane i 1814, og om korleis prins Christian Fredrik dreiv lobby-verksemd utanom møta, kan du klikke på linken i medieboksen over.
Illustrasjonsfoto, ingress: Terje Bendiksby / SCANPIX
Norgesglasset NRK P1 12.04.2004