Hopp til innhold

Kan verte TV-lisens for mobil

Alle partia på Stortinget, unnateke Senterpartiet vil ha ein ny debatt om kringkastingsavgifta. Men regjeringa ynskjer ingen lisens-debatt no.

Mobil-TV

Mange kan no sjå tv på mobiltelefonane sine.

Foto: Tor Risberg, NRK

Det er det same om du ser på «Jakten på kjærligheten», «Dagsrevyen» eller «Charterfeber». I Noreg må alle som har TV-apparat betale kringkastingsavgift til NRK.

Men denne ordninga kan verte endra i framtida. Alle partia på Stortinget, unnateke Senterpartiet, vil ha ein ny lisensdebatt, men regjeringa seier nei.

Medielisens

Aksel Hagen

Aksel Hagen i SV synest ein bør vurdere medielisens.

Foto: Torvild Sveen / NRK

Både Arbeiderpartiet, SV og Kristeleg folkeparti meiner ein medielisens for PC og mobiltelefon kan vere eit godt alternativ til dagens TV-lisens. Grunngjevinga er at datamaskiner og mobila no kan nyttast til å sjå på TV.

Kanskje vil ein ny medielisens i framtida erstatte dagens TV-lisens. Aksel Hagen frå Sosialistisk venstreparti meiner regjeringa bør ta debatten.

– Her går den teknologiske utviklinga rivande fort, så lat oss kaste oss på, og ta den gode og viktige debatten, seier SVs Aksel Hagen.

Trass i at regjeringspartia SV og Arbeiderpartiet gjerne vil ta debatten, seier regjeringa nei til å diskutere dette no. Statssekretær Roger Solheim (Ap), seier at Kulturdepartementet ikkje ser nokon grunn til å endre lisensordninga no.

Statssekretær i kulturdepartementet Roger Solheim

Statssekretær i Kulturdepartementet Roger Solheim meiner ein ikkje treng ta denne debatten enno.

Foto: Petter Grimnes / NRK

– Den diskusjonen er først og fremst ein diskusjon for framtida. I dag er det slik at så og seie alle husttandar har ein tv, og betaler lisens for det. Dermed er alle dekka opp gjennom det, seier Solheim.

Så lenge ein har ei ordning som fungerer, meiner Solheim at det ikkje er noko poeng for regjeringa ta denne debatten no.

– Vi ser ikkje nokon grunn til å innføre ein ny ordning med lisens på mobil og pcar, det vil koste pengar å administrere.

Opnar for statsbudsjett finansiering

Også Arbeiderpartiets mediepolitiske talsmann Kåre Simensen synest ein må vere open for ein debatt om korleis NRK vert finansiert.

Kåre Simensen (Ap)

Kåre Simensen (Ap)

Foto: Finnmark fylkeskommune/Åserud

– Eg ynskjer at vi skal gå gjennom lisensbetalinga på grunn av at den teknologien utfordrar oss mykje meir i dag enn berre for kort tid tilbake. Danskane har konkludert, dei køyrer ein medielisens der dei også tek betalt for pcar og avanserte mobiltelefonar, seier Kåre Simensen.

Om ein bør gå for ei slik ordning også i Noreg har ikkje Kåre Simensen noko klart svar på no.

– Men mi løysing er at i ei eller anna form må lisenspengane tilfalle NRK.

Simensen opnar også for ei mogleg finansiering av NRK over statsbudsjettet, slik Høgre og Venstre har lenge ynska.

FRP meiner NRK bør verte reklamefinansiert, medan Senterpartiet som einaste stortingsparti ikkje ser behovet for ein ny debatt om ei lisensordning dei meiner fungerer godt.

NRK vil ha lisensfinansiering

NRKs fungerande kringkastingsjef Annika Bjørnstad helsar debatten velkomen.

Annika Bjørnstad

Annika Bjørnstad vil ikkje ha finansiering over statsbudsjett.

Foto: Øystein Sanne / NRK

– Diskusjonen rundt lisens kjenner vi godt frå Danmark og Finland. Det er ein diskusjon som er naturleg å ta, seier Annika Bjørnstad.

Om det heiter tv-lisens eller medielisens, er ikkje Bjørnstad så oppteken av.

– Men sjølve lisensinstituttet synest vi er viktig, dersom ein skal knytte det til statsbudsjettet, meiner vi at vi mistar den armlengdes avstand som vi no har til politikken.

Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, meiner at regjeringa ville ha tent på å vere litt meir framsynt, og diskutere lisensordninga allereie no.

– Det kunne vere klokt å ta denne debatten no, før ein står med ryggen mot veggen og må ta debatten, meiner Harald Stanghelle.

  • Kva synest du korleis – bør ein betale lisens for mobil og datamaskiner?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober