Hopp til innhold

På veg inn i mørket

Joachim Trier har aldri laga filmar for å bli likt. Likevel er han «dritnervøs» kvar gong han slepper ein ny film. Søndag er det premiere på thrilleren «Thelma».

Joachim Trier
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Eg har sett filmen sikkert 500 gonger, så skal eg plutseleg sjå han i eit rom saman med folk for fyrste gong. Det blir spennande og rart. Eg er alltid dritnervøs, men gler meg til reaksjonane.

Joachim Trier kryssar fingrane for hans fjerde langfilmpremiere. Søndag skal «Thelma» opne Filmfestivalen i Haugesund. Saman med manusforfattar Eskil Vogt, kom den norske regissøren susande inn i filmverda allereie med debuten «Reprise». Og anerkjenninga har auka i takt med talet på filmar. Trier fortel at han lever godt med forventningane.

– Eg er ikkje ein tryggleikssøkande person. Eg har aldri laga film for å bli likt eller for at det skal vera lett. Men eg håpar folk går til «Thelma» med ei openheit, og lèt meg få lov til å laga ulike ting.

Vil inn i mørket

Med «Thelma» går Joachim Trier verkeleg i ei ny retning. Han omtalar filmen som ein romantisk, overnaturleg thriller – ein sjanger som skil seg frå tidlegare filmar.

Eskil Vogt og Joachim Trier

RADARPAR: Joachim Trier og Eskil Vogt har arbeidd saman med alle dei fire langfilmane.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eskil Vogt og eg hadde lyst til å gjera noko mørkare, med ein skrekkaktig visuell profil. Ein film med andre typar bilde, som spring meir løpsk.

«Thelma» handlar om ei jente frå ein konservativ, religiøs familie på Vestlandet. Ho flyttar til Oslo for å studere, og blir forelska i ei anna jente. I tillegg skjer det mystiske ting, som regissøren ikkje vil avsløre for mykje om.

– Thelma er nysgjerrig, open og klar for å møte nye menneske. Ho er intelligent, men det er òg ting ho er i fornekting for. Thelma har ei komplisert fortid som filmen etter kvart avdekker.

Hovudrolla blir gestalta av 23 år gamle Eili Harboe, som tidlegare har hatt roller i «Kompani Orheim», «Kyss meg for faen i helvete» og «Bølgen». Trier rosar den unge skodespelaren opp i skyene.

– Den finaste opplevinga ved «Thelma» var å møte Eili Harboe. Sist film jobba eg med verdsstjerner, og eg var nervøs for å arbeide i Noreg med ein person som ikkje har teaterutdanning. Men Eili Harboe er ein av dei beste skodespelarane eg har jobba med nokosinne.

Harboe måtte gå langt for denne filmen. Ho har trena på undervassdykking, spela skodespel med slangar og gått til skjelveterapi.

– Eg gler meg til å vise Eilis skodespel. Ho har begynt å booke masse roller til andre filmar, og eg trur at vi kjem til å få sjå henne internasjonalt.

Filmen "Thelma" av Joachim Trier

THELMA: Eili Harboe spelar hovudpersonen Thelma, som oppdagar nye og uventa krefter ho må lære seg å stå i.

Foto: Motlys AS

Slangar, eld og vatn

Med «Thelma» ynskjer Trier å kombinere to element. På den eine sida er det ei nær karakterforteljing, samtidig ville han laga ein overnaturleg thriller med effektar vi kjenner frå skrekksjangeren.

– Det er litt som Stephen King på 80-talet. Vi har med slangar, eld og sekvensar under vatn. Det er ganske annleis enn det eg har gjort før.

– Korleis er det å gje regi til slangar?

– Å regissere slangar er det vanskelegaste eg har gjort. Heldigvis var det med slangetemmarar som var forsiktige. Det var ganske ironisk. Alle i staben var livredde, men alt vi skulle konsentrere oss om var å gjera slangane trygge.

Trier sjølv er ikkje redd for slangar, han synest det er noko magisk ved dei. Men han har brukt andre ting han sjølv er redd for i denne filmen.

– Eg har behov for kontroll. Det å miste fullstendig kontroll over kroppen, og ikkje veta kven du er, det er ein grunnleggjande angst som skjer fysisk og konkret i denne filmen.

Joachim Trier

REDD FOR Å MISTE KONTROLL: Frykta for å miste kontroll over sin eigen kropp, er noko som slår ut i full blomster i Joachim Triers nyaste film.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Barnleg nysgjerrigheit

Alt i ung alder var film den store interessa til Joachim Trier. Han fekk tak i eit Super 8-kamera, og viste ivrig fram det han fanga. Og den barnlege gleda ved å vise fram det han har gjort, heng framleis att.

– Det er eit grunninstinkt når eg skriv film. Det er noko eg vil vise dykk, nokre visuelle idear eg ikkje har sett før. I dette tilfellet er det ganske abstrakte spenningselement. Ting eg ikkje har sett i verkelegheita, men som kjem frå fantasien.

– Kva blir du inspirert av?

– Skodespelarar og stader. Gode rom. Her kjem den barnlege nysgjerrigheita inn att. «Sjå her, nå skal eg filme operaen på ein måte de ikkje har sett før!»

Trier vil nødig velja ein favorittfilm, men seier at han har sett mykje rart frå barndommen for å bli inspirert til «Thelma».

– Eg har sett veldig mykje David Cronenberg-filmar som handlar om redselen for kva som skjer med kroppen. Eg har sett ein del italienske skrekkfilmar frå 80-talet, mykje sært. Til denne filmen er eg mykje meir inspirert av synthesizer-musikk enn av Bergmann og Antonioni.

Å vera utanfor

Reprise

REPRISE: Odd-Magnus Williamson, Espen Klouman Høiner og Anders Danielsen Lie spelar dei ironiske, men òg ambisiøse kompisane Morten, Erik og Philip i debutfilmen «Reprise» frå 2006.

Foto: Pressefoto

Sjølv om filmane til Trier er i ulike sjangrar, finst det òg nokre fellestrekk mellom dei. Oscar-komiteens formann, Jan Erik Holst, sa at «Reprise» var ein usedvanleg, poetisk og spennande film. Og det poetiske og visuelle filmspråket har Trier teke med seg vidare frå debutfilmen. Eksistensielle spørsmål og nære menneskeportrett er òg attvendande tema i Triers filmverd.

– «Thelma» handlar om å vera utanfor, å føle at ein er ein frik og ikkje høyrer heime. Det er tydelegvis noko eg kjenner meg att i og lagar film om.

Video Oslo 31. august

OSLO 31. AUGUST: Anders Danielsen Lie spela hovudrolla som Anders i «Oslo 31. august» frå 2011.

Foto: Nyhetsspiller

– Føler du at du ikkje passar inn?

– Eg veit ikkje. Eg har alltid hatt fine folk rundt meg. Men noko inni oss lurer på kven vi er og kvar vår plass er. Som barn er det ein progressiv ting, men når ein blir eldre og skal stå på eigne bein, kan det vera veldig komplisert.

Eit anna fellestrekk i filmane til Joachim Trier, er unge hovudpersonar. Men sjølv er han litt usikker på kvifor han lagar film om desse unge menneska.

Louder Than Bombs

LOUDER THAN BOMBS: Jesse Eisenberg og Devin Druid spelar storebror og veslebror i «Louder Than Bombs» frå 2015.

Foto: Jakob Ihre, Motlys AS

– Det gjeld å finne eit eksistensielt augeblikk i livet, og prøve å trekkje ein menneskeleg tematikk ut av det. Eg har runda 40, det er ikkje slik at alt er ferdig og nå er alt greitt. Vi slit med dei same spørsmåla seinare i livet òg. Korleis skal vi leva? Kvar høyrer vi heime? Er det riktig det eg gjer?

– Får vi ein film med ein pensjonist?

– Ja, eg veit ikkje. I «Louder Than Bombs» laga eg om ein heil familie, da var det både vaksne og yngre karakterar saman. Men det er gøy å jobbe med unge skodespelarar, eg synest det er veldig kult å ha ein ung person som Eili Harboe i hovudrolla.

Film er eit livsval

Trier har ikkje hatt tid til å bestemme kva som blir neste prosjekt enno, sidan arbeidet med «Thelma» har tatt lengre tid enn venta. Men han har mange ting på gang som alltid. Nye filmar blir det garantert.

– Dette med film har blitt livet mitt. Det er det eg går rundt og tenkjer på. Når eg ikkje jobbar så tenkjer eg òg på film. Eg har blitt litt einspora med åra, og kan ikkje førestille meg at eg skal gjera noko anna, for å vera heilt ærleg.

Joachim Trier
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)