Hopp til innhold

Takk for meg !

Då er det min tur til å seie adjø. Mi tid i Norge Rundt er ved vegs ende. Derfor reiste vi nordover på leit etter den nye programleiaren.

Men å finne Solvår Flatås var inga enkel oppgåve. Vi starta der ho trakka barneskoa sine - på Flatås i Levanger.

Arve Flatås
Foto: Birger Meland / NRK

Far Arve var travelt oppteken av nokre små nøster då vi kom til gards. Om ikkje lenge skal desse få seg ein ny heim. To skal og ut av landet. Som dyreven vart det ei kjekk stund ilag med dei svarte sjarmørane.

Ein liten kosehund
Foto: Birger Meland / NRK

Det var ikkje fritt for at lysta til å ta med éin heim melde seg. Men det vart med tanken, for eg kunne ikkje ta med den vesle svarte elghunden på jakta etter Solvår, sjølv om rasen tilseier at det er jakt desse hundane skal drive med i det vaksne livet. Eg fekk bort tanken og spurte Arve kvar Solvår var. Men han kunne ikkje hjelpe meg. – Prøv på NRK Trøndelag i Steinkjer, var svaret han gav meg - og dermed reiste vi dit.

Ikkje enkelt å vite

Kjartan Trana og Birger Meland
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Tidligare programleiar i Norge Rundt, Kjartan Trana, var meir enn villig til å hjelpe meg vidare i jakta. Men når eg spurde etter vaktsjef Flatås kom sjølv han til kort. – Ho er ei aktiv dame og har born i alle aldrar, så prøv skistadion eller fotballbana, råda han meg til. Og av stad til neste mål bar det.

Etterlysing

Vel framme på Steinkjer Skistadion måtte den avtroppande programleiaren konstatere at der ikkje var snø nok til eit «barneskirenn» ein gong. Ikkje var Petter Northug jr. der heller. Men eg gjorde eit siste forsøk. Ved hjelp av to karar fekk vi kobla opp speakeranlegget og eg ropa Solvår så det ljoma over heile området. Men trur du ho kom?

Nåla i høystakken

Heller ikkje på fotballstadion var dama å sjå. Men aktive ungar var der i bøtter og spann. Steinkjer får nok mange gode spelarar om nokre år, det er det ingen tvil om. Eg spurde trenaren Brad Douglas, som kjem frå Australia, om han kunne hjelpe meg å finne den påtroppande programleiaren. Han sende meg til eit industriområde i byen.

Den einaste i Nord-Trøndelag

Solvår har ei dotter som er russ. Kristin og mange fleire har kjøpt ein russebuss som dei jobbar med. Dette er den einaste i sitt slag i Nord-Trøndelag. Eg møtte ein gjeng som verkeleg tok oppgåva med finpussen alvorleg. Vi høyrde dunk dunk frå musikkanlegget på lang avstand.

Glade russejenter i Steinkjær
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Og der var ho

Nok ein gong freista eg å rope på Solvår og der....... i full jobb med omtrekking av busseter dukka det fram ei som ikkje gjekk i raude russeklede. Eg hadde funne henne. No er det ho som skal styre Norge Rundt-skuta.

Eg ser tilbake

Eg hugsar godt at eg starta mi første sending på fredag den 13. februar. Og ikkje berre éin slik dag måtte eg gjennom. Nei to! Men det gjekk fint. Av opplevingar er nok ballongturen på Svalbard med utnemning og dåp som «Greve av Adventdalen» eit av høgdepunkta. Men eg kjem heller ikkje til å gløyme operan i Bjørvika i kostyme frå «Rosenkavaleren». At eg fekk spele på orgelet i Bergen Domkirke var óg eit høgdepunkt for ein som driv som dansemusiker på fritida. Og så skituren på våt asfalt over Bryggen i Bergen då. Det har vore moro! Å få ta deg med heim til fagre Stryn var meg ei stor glede. Sjølv om vi bur i Jølster, er nok barndomsheimen favoritten blant stadane eg har besøkt. Det er der eg finn ro saman med familien.

Så er eg i mål

For meg har tida i Norge Rundt vore ei ny oppleving. Tusen takk for alle e-postar, sms og telefonar frå fjern og nær. Dette varma skikkeleg. Sist og ikkje minst ei takk til dei som har gjeve meg råd og hjelp under opptak.

Trond Baugstø og John Arnt Nøstdal
Foto: Birger Meland / NRK

Trond Baugstø og John Arnt Nøstdal har gjort det umulige mulig for meg gjennom 12 sendingar. Og til deg som har følgt meg gjennom alle programma: Hald fram den gode rutina på fredagskvelden kl 19.30. Det er aldri ein fredag UTAN Norge Rundt.

Tilbake til fjordfylket

Eg set kursen mot heimlege trakter og tilbake til jobben i NRK Sogn og Fjordane. Neste gong vi sjåast set eg kansje på ei eller anna scene ein eller annan stad. Men den største scena og det største publikumet eg nokon gong har hatt har utan tvil vore Norge Rundt om fredagskveldane!

Musiker Birger Meland
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Takk for følget - og takk for meg.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober