Rosa drakt og laaaaange ski
Viss ein skal lære skihopp må ein ha riktig utstyr; hoppdrakt, hjelm og kjempelange ski. Eg var sikker på at eg hadde fått feil ski då eg fekk utlevert utstyret for dei såg ut til å vere altfor lange for meg. Men skia til ein skihoppar skal vere kjempelange, for då hoppar ein nemleg lenger enn med korte ski.
Drakta til ein skihoppar er og veldig viktig. Den er laga slik at den skal bremse hopparen minst mogleg nedover tilløpet. I byrjinga følte eg meg litt dum i den tronge lyserosa hoppdrakta og hjelmen, men det er jo sånn ein skal sjå ut når ein er ein ekte skihoppar. Viss ein skal bli god til å hoppe må ein sjølvsagt også ha ein god lærar, og eg var så heldig at eg fekk Steinar Bråten som skihoppinstruktør då Newton laga sending om snø og skihopping.
Steinar vann nemleg skihoppkonkurransen i Holmenkollen i 1983, og han kan mange lure triks. (Dessutan var han god å ha som skiheis når eg trengte hjelp til å komme meg framover på dei lange hoppskia, og så bar han skia mine opp alle trappene!)
Bøy i knea
Det første eg måtte lære var korleis tilløpsstillinga mi skulle vere. Tilløpsstillinga er den stillinga ein har når ein suser nedover mot hoppkanten. Steinar dytta meg lenger og lenger ned mot skia for å vise meg kordan det skulle gjerast. Det er nemleg viktig å krøke seg godt saman sånn at vinden ikkje bremsar for mykje nedover bakken. Ein må bøye knea godt og legge armane bak seg og inntil kroppen. Det er og viktig å ikkje ha skia samla, men ha dei litt frå kvarandre, for då slepp vinden mellom leggane istaden for å bremse opp der. Nedover unnarennet er det viktig å få god fart – for då hopper ein lenger når ein kjem ut i svevet. Eg trente lenge på å få den riktige stillinga, og det var skikkeleg tungt for låra å stå med bøygde kne lenge. Prøv sjølv! Heldigvis er det ikkje så lenge hopparane må stå i den stillinga, for det går veldig fort nedover bakken og til ein kjem til hoppkanten. Der spenner ein frå og så er det berre å fly!
I lufta
I gamle dagar hoppa dei faktisk med skia rett foran seg, men no har dei funne ut at ein hoppar mykje lengre når ein har skia ut til kvar side sånn at det ser ut som ein V. Steinar tok meg med i ein vindtunnell der eg kunne teste korleis det var å fly med ski på før eg gjekk opp i hoppbakken.
Inne i vindtunnelen sette dei på vind med 90 kilometer i timen og då var det ingen sak å halde skia oppe. Kjempegøy! Og det beste er at det var mykje tryggare enn å sette utfor den skikkelege hoppbakken! Det vart nemleg litt for skummelt for meg…
Av Unni Eikeseth.
Newton, NRK1 2.februar 2003, kl.18:30