NRK Meny
Normal

P3-Line fekk trøbbel i Iran

P3-reporter Line Elvsåshagen fekk trøbbel på reportasjereise i Iran. – Eg var redd for å ikkje kome ut av landet igjen og å miste materiale, seier ho.

Line Elvsåshagen i P3

Line Elvsåshagen i P3 reiser jorda rundt utan pengar til mat og overnatting. I Iran måtte ho bu på hotell.

Foto: NRK P3

P3-reporter Line Elvsåshagen reiser verda rundt utan pengar til mat og overnatting. Men då ho nyleg var i Iran, måtte ho ta inn på hotell. Kjeldene ville ikkje møte henne på grunn av at myndigheitene kravde å få vite namna på førehand, hevdar ho.

– Eg hadde eigentleg massevis av stadar å sove. Men når dei fekk høyre at myndigheitene, altså tolken, skulle vere med, ville dei ikkje, seier ho i ein video som er lagt ut på P3s Facebook-side.

No er ho ute av Iran. Ho utdjupar til NRK.no:

– Eg var stressa for å oppføre meg feil, spørje kjeldene mine om noko som kunne sette dei i fare for myndigheitene. Eg var redd for å ikkje kome ut av landet igjen og miste materiale.

– Brot på iransk lov

Håkon Moslet, redaksjonssjef TV NRK P3, viser til ein lang dialog med den iranske ambassaden i Noreg før avreise. Elvsåshagen og prosjektleiar var på to møter med den iranske ambassaden i Oslo. Ho fekk pressevisum til landet same dag som ho skulle reise dit.

Han hevdar at ambassaden var orientert om at Elvsåshagen ynskja å bu hos privatpersonar i Iran. Men ved framkomst var beskjeden frå offisielt hald at det var brot på iransk lov å kontakte privatpersonar direkte.

– Vi har vore heilt opne om alle våre planar.

Blei du overraska over at ein reporter i Iran ikkje får surfe fritt på nettet, eller at møter blir rapportert til myndigheitene?

– Alt dette var ting vi visste om, det er graden av det ein ikkje veit på førehand. Dessutan kan ting endre seg undervegs.

Intervju siste dagen

Til slutt fekk Elvsåshagen møte fleire caser saman med tolken. Den siste natta fekk ho overnatte privat, utan at tolken var med.

– Vi har opplevd at vi både har blitt motarbeida og fått hjelp av iranske myndigheiter. Det seier mykje om situasjonen i landet, seier Moslet.

NRK har vore i kontakt med den iranske ambassaden, som seier at dei vil sjå programmet og deretter vurdere hendinga. Ambassaden legg til at Noreg og Iran er gode vener.

Angrar ikkje

– Basert på den informasjonen vi hadde på førehand og det vi no veit, var det absolutt forsvarleg å la henne reise dit, seier Håkon Moslet.

Han angrar ikkje på at teamet fekk reise til Iran.

– Det er eit grundig tryggleik-opplegg for heile turen. Vi har gjort veldig god research og snakka med andre NRK-team som har reist i Iran, seier Moslet.

Hendingane i Iran får ikkje konsekvensar for reiseplanane til Line Elvsåshagen vidare.

Kulturstrøm

  • Fant ukjent Stanley Kubrick-manus

    Et Stanley Kubrick-manus de fleste trodde ikke fantes er funnet. «Burning Secret» er en filmatisering av en novelle av Stefan Zweig, skriver The Guardian. Manuset er skrevet i 1956 sammen med forfatteren Calder Willingham, og ble funnet av en filmprofessor ved Bangoor-universitetet, Nathan Abrams. – Alle trodde dette var tapt, jeg kunne ikke tro det da jeg fant det. Kubrick-fans har visst at han ville skrive dette manuset men ingen visste at han gjorde det ferdig, sier Abrams til avisen. Les mer om Kubrick hos NRK Filmpolitiet.

    Stanley Kubrick
    Foto: AP/Scanpix
  • "Pariserne" på Lillehammer

    Per Krogh var blant Matisse-elevene som levde det livlige bohemliv i Paris, men han tjenestegjorde også som skiskoldat for Frankrike under den 1.verdenskrig. I utstillingen "Pariserne" på Lillehammer kunstmuseum vises Krohgs kunst fra Paris sammen med flere andre norske kunstnere som ble en del av Matisse-kretsen tidlig på 1900-tallet. Hør historien i Studio 2 i NRK P2: