NRK Meny
Normal

– Bachs musikk er catchy

– Bachs musikk er som popmusikk for meg, ekstremt catchy og fengande, seier Øystein Greni, som oppdaga klassisk musikk i studietida.

Øystein Greni

Gustav Mahler og Johann Sebastian Bach er mellom dei klassiske komponistane Øystein Greni set mest pris på.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Øystein Greni er låtskrivar, vokalist, gitarist og frontfigur i rockebandet Bigbang – og andremann ut i serien med norske artistar som anbefaler klassisk musikk. Han synest musikken til Johann Sebastian Bach (1685-1750) har mange av dei same kvalitetane som popmusikken han likar.

Johann Sebastian Bach

Johann Sebastian Bach.

Foto: Elias Gottlob Haussmann via Wikimedia Commons

Les også: – Denne heldt meg inne heile våren

– Eg set veldig pris på musikk som er catchy, og Bach lagar catchy musikk som verkeleg fenger, akkurat som popmusikk, seier Greni.

– Goldbergvariasjonane, gjerne i den siste versjonen Glenn Gould spelte inn, er eit godt døme. Eg har ingen musikkteoretiske kunnskapar, og brukar heller uttrykk som «hooklines» eller «catchy» om det eg er ute etter. Det har Bach massevis av.

Høyr variasjon nr. 1 frå J.S. Bachs Goldbergvariasjonar:

– Som å sjå ein skummel film

Gustav Mahler

Gustav Mahler.

Foto: A. Dupont via Wikimedia Commons

Øystein Greni høyrde lite på klassisk musikk i oppveksten. Det endra seg då han flytta på hybel for å studere i 18-årsalderen:

– Eg brukte å legge meg på golvet og lytte til Mahler-symfoniar, seier Greni.

– Mahlers musikk er til tider veldig skummel, å høyre ein av hans symfoniar er litt som å sjå ein skummel film. Du skrur på musikken, lyttar, og når du kjem ut i den andre enden, merkar du at det har skjedd noko med deg.

Høyr starten av Mahlers andre symfoni:

– Det må få meg til å føle noko

Når Øystein Greni vurderer ny musikk, er han først og fremst på jakt etter musikk som skaper kjensler.

– Mi musikalske verd er veldig enkel, det finst berre bra og dårleg musikk, slår Greni fast.

– God musikk får meg til å føle noko, eller gir meg lyst til å høyre den igjen og igjen. Det spelar inga rolle om det er bluegrass eller klassisk.

I dag oppdagar Greni ny klassisk musikk først og fremst gjennom radioen:

– Eg høyrer ein god del klassisk på radio innimellom. Det meste synest eg er dårleg, og då meiner eg ikkje dårleg spelt, berre at det ikkje får meg til å føle så mykje. Men plutseleg kjem det noko bra. Eg skulle ønskje eg var flinkare til å skrive ned kva det er eg høyrer, seier han.

Diggar «Peter og ulven»

Ein fellesnemnar i musikken Greni likar, er at ein særeigen personlegdom kjem tydeleg til uttrykk.

– Det er som når ein god ven fortel noko slik at du får frysningar eller byrjar å gråte. På same måten er det med god musikk, personlegdomen kjem fram på ein unik måte, seier Greni.

Det er stor forskjell på kor sterkt dei mest kjende klassiske komponistane rører han:

– Mozarts musikk får meg ikkje til å føle stort. Beethoven får meg derimot til å føle veldig mykje – til dømes Skjebnesymfonien og andre store hits. Og så han med «Peter og ulven» – Prokofjev. Det er kjempekult, det diggar eg!

Høyr utdrag frå Sergej Prokofjevs «Peter og ulven»: