Hopp til innhold

Øystein Greni

Øystein Greni var gjest i Stjerneklart 9. mai 2011.

Øystein Greni
Foto: Holm, Morten / Scanpix

ØYSTEIN GRENIS CV

Øystein Greni er født 15.juni 1974. Han vaks opp på Bislett i Oslo og er son av jurist Ragnhild og musikar, og bukseseljar, Thor. Han er lillebror til tre år eldre Taran Greni.

Skular han har gått på er Bolteløkka, Ila, Fagerborg og forsøksgymnas ved Universitetet i Oslo. I tillegg som musikar, har han hatt arbeid i kiosk, i posten, som snekker og som kelner.

Europameister i skating

Øystein Greni seier at han ser på seg sjølv som ein skatar som speler musikk. Han vann europameisterskapet i skating, i Antwerpen, i 1991. Men måtte legga opp då han skada kneet. Greni har også bygd fleire skateboardrampar.

Musikk-karriere

Øystein Greni starta spela gitar då han var sju år. Han er veldig interessert i gitarar, ikkje berre for speling – men og teknikken bak.

Big Bang er Øystein Greni sitt band. Han er einaste som er att av originalbesetninga, som starta saman i 1992. Sidan den tid har bandet gjeve ut elleve album, inkludert ei samleplate, i tillegg til DVD, EP og LP`ar

Opp igjennom åra har Greni våre med på fleire radiointervju, intimkonsertar og tv-sendingar – i tillegg til turnèliv og speling på lokale klubbar, i mellom anna Los Angeles.

Hjelper andre band

Greni hjelper og nye band opp og fram, eit døme er Bodøgruppa Kråkesølv, som fekk sitt andre album produsert av han.

Handy man og surfar

I tillegg til musikk, skating og surfing, likar Greni å jobba med hendene. Snekring og bygging er ein hobby han bruker ein del tid på. Dette viser godt igjen, både i platestudioet og i heimen hans.

Bur i L.A.

Øystein Greni bur i Echo Park i Los Angeles. Han har dottera Julia, på sju, som bur i Noreg, saman med ekskona, og har no ny kjærast.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober