Øystein Dolmen

Øystein Dolmen var gjest i Stjerneklart 24. oktober 2011.

Øystein Dolmen
Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

ØYSTEIN DOLMES SIN CV

Øystein Dolmen er født 19 februar 1947 i Trondheim. Han vaks opp saman med den åtte år yngre søstra, Ellen Sofie, mamma Hjørdis og pappa Bjarne.
Han tråkka sine fyrste skuleår på Bispehaugen skole. Seinare vart det ungdomsskule på Rosenborg og Trondheim katedralskole. Faga sosiologi, historie og engelsk studerte Øystein Dolmen ved Universitetet i Trondheim.
Yrkeslivet ber preg av ei kreativ sjel. Me kjenner han som scene og plateartist, men han har og jobba som illustratør, dramatikar og forfattar.

Knutsen
Øystein Dolmen er kanskje best kjend som Knutsen i duoen Knutsen og Ludvigsen. Saman med Gustav Lorentzen, har han mellom ana fått to Spellemannprisar, Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, Kardemommestipendiet og Gammeleng-prisen. Dolmen har og fått Trondheim kommunes kulturpris.
I 1989 gav Dolmen ut sitt fyrste album utan makkeren Gustav Lorentzen. Eksfruen Ellen Klemp sitt psedonym var Nellie Neuf – og saman gav dei ut barneplata ”På frifot” som fekk Spellemannprisen i 1989.

Thorske
I tillegg til Knutsen, har Øystein Dolmen og brukt flittig sitt andre alterego, nemleg Feskhandler Thorske. Han har og bidrege på fleire andre sine plateutgivelsar – mellom ana med artistar som Sondre Lerche, DDR, Are og Odin og Bare Egil Band. Han har og jobba mykje som tekstforfattar for både barne og dansebandmusikk. Han er medlem av Bakklandet Bassangforening, Beatlesbandet og Scaar Boys.

Allsidig herremann
Øystein Dolmen har vore med på 14 plateutgivelsarr, skrive sju bøker, fem teaterstykker, oversett tre teaterstykker, skrive eit radioteater, to filmmanus, to tv-seriar og 3 sceneoppsetningar.

Trondhjemmer

Han bur på Tyholt, i Trondheim, saman med kjærast Gudrun Borgen. Frå tidlegare forhold har Øystein Dolmen ei vaksen dotter, Maria på 21.

Kulturstrøm

  • Skal lage spenningsfilm om korona

    Fantefilm har fått 250.000 kroner i utviklingsstøtte til spenningsfilmen «C19» som tar utgangspunkt i koronapandemien. Pengene kommer fra Norsk filminstitutt, skriver Dagsavisen. Fantefilm har tidligere laget kinofilmene «Bølgen» og «Skjelvet».