Hopp til innhold

Øyafestivalen 2021 avlyst: – Det kjennest som eit lite mareritt

Dei har kjempa lenge for å kunna gleda festivalpublikummet sitt i sommar, men no ser også Øyafestivalen i Oslo seg nøydde til å avlysa.

Øyafestivalen 2018

Frå Øyafestivalen 2018.

Foto: Berit Roald

– Det kjennest som eit lite mareritt. Jobben vår er å laga festival, og når me må avlysa for andre år på rad, er det ein kjip situasjon, seier dagleg leiar Tonje Kaada til NRK.

Ho fortel at dei lenge har hatt eit håp om å kunna gjennomføra festivalsommaren 2021.

– Men me har sett at sjansane har minska dei siste vekene for kvar dag som går.

– Meir hjarteskjerande enn i fjor

– Det er om mogeleg endå meir hjarteskjerande i år enn i fjor. Nettopp fordi me har stått i situasjonen så lenge, seier dagleg leiar Tone Østerdal i Norske konsertarrangører.

Tidlegare har blant andre Stavernfestivalen og OverOslo avlyst. Palmesus i Kristiansand vurderer det same.

Østerdal meiner det at store festivalar som desse og Øyafestivalen avlyser gir store ringverknadar for bransjen.

– No er det mange som har mista jobben sin som dei hadde håpa på å få i sommar. Det gjeld både artistar og underleverandørar som er i sving for å få det opp å stå.

Tone Østerdal

Tone Østerdal er dagleg leiar i Norske konsertarrangører.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Ser framover

Kaada i Øyafestivalen fortel at ho er spent på kva økonomiske ordningar kulturministeren legg på bordet framover.

– Me håpar at han held orda sine om at så lenge restriksjonar rammar oss, skal me kompenserast, fortel Kaada.

Ho har allereie byrja å sjå framover mot sommaren 2022.

– Me har bestemt oss for å laga den beste utgåva av oss sjølv nokosinne. Me skuldar både publikum, samarbeidspartnarar og alle medarbeidarar å klara det.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP