Til dei 50. Festspela i Bergen kom dei sjølvsagt og. Kvart år køyrer Hans Brun Bull og kona Eva Bull frå Oslo for å få med seg litt vestnorsk finkultur.
Hans er 93 år som om det skulle vere eit hinder for ein køyretur over fjella. Finn Tokvam har møtt ekteparet og snakka om bilturen og kva som får dei til å at denne turen år etter år. Dei to gir og sin og dom over festspela - og fortel om deira spesielle tilknytning til Bergen.
Den nynorske reality-radioen Radio Røynda har og fått kritikk for at dei ikkje har hatt minst 25 prosent sidemål i sendingane - det gjer dei noko med - for no vert det mykje pent Riksmål.
Det får vi vite når Hans Brun Bull syng Kjæmpers fødeland og siterert dermed tipp tipp oldefaren sin - Johan Nordal Brun. Det er som kjent og han som skreiv "Jeg tok min nystemte" - Bergens eigen nasjonalsang...
Populærorkesteret Finn-Erix er no i studio og presenterer snart årets sommar hit "Hjørdis med H" ...