Over ein million nordmenn såg «Mesternes Mester»-premieren

Jubileumssesongen av «Mesternes Mester» fekk ein svært god start tysdag kveld. Sjåartala viser over ein million fekk med seg premiereprogrammet.

Mesternes mester 2019

Jubileumssesongen av «Mesternes Mester» fekk ein god start med over ein million sjåarar tysdag kveld. Bak frå venstre: Glenn Solberg, Ann Kristin Flatland, Hanne Haugland, Ole Martin Årst, Kine Olsen Vedelden, Karina Hollekim, Tom Hilde. Framme frå venstre: Lars Berger, Karoline Dyhre Breivang og Pål Ullevålseter.

Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRK

Pensjonerte toppidrettsutøvarar som reiser til Syden for å bu saman og konkurrere, har blitt ein sjåarsuksess for NRK og produksjonsselskapet Rubicon. I den tiande sesongen er det Mallorca som er samlingsstaden i «Mesternes Mester».

I alt var det 1.036,000 sjåarar som fekk med seg premieren på NRK tysdag kveld. Det vil seie at 68 prosent av dei som såg TV på det tidspunktet såg dette programmet. I tillegg har så langt 35.000 sett programmet på nett. I fjor samla sesongpremieren 1.095.000 sjåarar.

Sterk kombinasjon

I ei tid der TV-sjåinga er på veg ned, er det sterkt å samle så mange sjåarar, seier Morten Wiberg i mediebyrået Carat. Han meiner kombinasjonen av kjende idrettsutøvarar som byr på seg sjølv og konkurranseelementet er ein viktig årsak til dei gode tala.

Morten Wiberg

Morten Wiberg i mediebyrået Carat seier premieretala til «Mesternes Mester» er svært sterke i ei tid der den tradisjonelle TV-sjåinga går ned.

Foto: Carat Norge

– Programmet har kjente menneske vi har eit forhold til. Og så har vi konkurransebiten som gjer det morosamt for folk i alle aldrar å sjå på. Det er ikkje så mange program som treff så godt i alle aldersgruppene.

Programmet har vist seg svært slitesterkt, og har opparbeidd seg ein god fanskare. Han trur det vil kunne halde fram i mange sesongar framover.

– Eg trur «Mesternes Mester» kan gå i mange år. Det er ikkje noko ved konseptet som skulle tilseie at dei ikkje skulle det.

– Fantastiske tal

Dag Erik Pedersen har vore programleiar for «Mesternes Mester» sidan starten. Han er oppglødd over den gode opninga på jubileumssesongen av serien.

Dag Erik Pedersen

Dag Erik Pedersen har vore programleiar for «Mesternes Mester» i alle dei ti sesongane som er laga til no. Han er synest det er fantastisk at programmet framleis treff så godt blant publikum.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Dette er fantastiske tal. For ti år sidan ville dette ha vore ei svært sterk opning. Men med tanke på nedgangen i TV-sjåinga, er dette fantastisk.

Han seier det er vanskeleg å forklare kvifor programmet framleis står så sterkt etter så mange år. Men han trur ei forklaring kan vere at folk blir betre kjent med både kjente og mindre kjente idrettsutøvarar.

– Eg håper og trur at sjåarane set pris på dei verdiane vi formidlar gjennom programmet. Dette er ein serie der NRK og Rubicon har levert kvalitet i alle ledd i ti år. Og det trur eg publikum også set pris på.

Tradisjonen tru var det ingen som måtte forlate «Mesternes Mester» i premieren. Men fredag er det klart for program nummer to denne vinteren, og då må den første deltakaren reise frå huset på Mallorca.

Kulturstrøm