Hopp til innhold

Over ein million fekk med seg Stjernekamp-finalen

«Stjernekamp» fenga sjåarane laurdag. Over ein million fekk med seg at Adam Douglas gjekk til topps i finalen.

Adam Douglas i finalen i Stjernekamp

Over ein million sjåarar benka seg framfor fjernsynsapparatet laurdag kveld for å sjå Adam Douglas vinne Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Finalen i «Stjernekamp» var det nest mest sette programmet sist veke. Berre «Nytt på nytt» med 1.064.000 sjåarar samla fleire. I alt følgde 1.017.000 sjåarar med på finalen laurdag kveld, og fekk med seg at Adam Douglas gjekk heilt til topps. Det er om lag like mange som fekk med seg finalen i 2013. Av dei som såg TV laurdag kveld, valde 61,5 prosent å sjå på NRK 1.

– Dette er svært gode finaletal for «Stjernekamp». I fjor var det 838.000 som såg finalen, så dette er ein solid auke, seier Maren Eline Fossan i NRK Analyse.

«Skal vi danse» på TV2 gjekk samtidig med finalen i Stjernekamp. Dei samla 477.000 sjåarar, og hadde ein marknadsdel på 29,6 prosent.

Da vi styrte landet

Programserien der norske statsministrar møtast for å snakke om korleis det er å styre landet, fekk ein tøff start mot TV 2-programmet «Farmen» søndag kveld.

Foto: Agnete Brun/Norsk Fjernsyn

Tøff start for statsministerserie

Den nye serien «Da vi styrte landet» på NRK 1 fekk ein tøff start. Programmet der Erna Solberg og fem tidlegare statsministrar møtest for å snakke om korleis det er å styre Noreg, samla i alt 514.000 sjåarar. Det vil seie at 29,4 prosent av dei som såg på TV då programmet gjekk, såg dette programmet.

– Dette progammet samla ikkje så mange sjåarar som vi hadde håpa. Men det er eit nytt program som går mot «Farmen» på TV 2. Det er ein grei start på eit tøft tidspunkt, men vi håper programmet skal bygge seg opp dei neste vekene, seier Fossan.

«Farmen» har vore det mest populære programmet på søndagar denne hausten.

Kulturstrøm

  • Ei framsyning det er lett å anbefala

    – Kva gjer ein ikkje for å skjula at ein har gjort noko gale? Kva gjer ein ikkje for å lata som at alt er ok? Nett det speler Oddgeir Thune, Maria Blokhus og Kyrre Hellum godt og morosamt ut på Scene 3 ved Det Norske Teatret, skriv teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl om «Sudden death».

  • Cannes-pris til norsk regissør

    Marlene Emilie Lyngstad vant La Cinef-prisen under filmfestivalen i Cannes. Prisen deles ut til talenter fra filmskoler over hele verdenen. «Norwegian Offspring» er avgangsfilmen hennes og ble valgt ut fra 16 nominerte bidrag. Lyngstad har studert ved Den Danske Filmskole i København.

    Bilde tatt utenfor filmpalasset i Cannes før den berømte filmfestivalen startet.
    Foto: AFP