I Radio Røynda kjempar redaktør Tokvam og faktaboks-ansvarleg Vetle-Ivar framleis målet si sak.
Vetle-Ivar har vore ei veke på Aasentunet for å studere kor nynorsken står hausten 2003 og for å lage sak om dette. Vetle-Ivar kjem heim att til bladstova nedlessa av Ivar Aasen-effektar og tre fotografi frå turen. Men lyd har han ikkje med seg heim att. Difor lyt han intervjue sjefen på Aasentunet Ottar Grepstad på ei god telefonlinje.
Høyr korleis det gjekk i denne utgåva av Radio Røynda ved å klikke på lenka i medieboksen over. Sjå bileta under.
Vetle-Ivar syner provet på at Ivar Aasen drakk akevitt. - Han skreiv aldri i bakrus, seier Ottar Grepstad.
Vetle-Ivar syner pipa åt Ivar Aasen. Opp frå boksen stikk ei mindre kvit pipe.
Vetle-Ivar på kontoret til Ivar Aasen. Bilete er teke med sjølvutløysar, men sidan Vetle-Ivar har ei dårleg hofte rakk han ikkje koma seg heilt på plass før bilete vart teke. Difor er bilete berre nesten perfekt.