– Dette er stas, eg takksam og heilt overvelda. Å få denne støtta frå Norsk PEN betyr mykje for meg, seier Sidsel Wold på telefon frå Israel.
Den profilerte NRK-journalisten får Ossietzky-prisen, som går til personar eller institusjonar som viser ein særleg innsats for ytringsfridom. Prisen blir delt ut av skribent- og ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN.
Wold har vore NRK-korrespondent i Midtausten og er no utanriksmedarbeidar i NRK. Ho har fått hard kritikk for å føra ei einsidig og pro-palestinsk dekning av Gaza-konflikten, mellom anna frå organisasjonen Med Israel for fred.
Les kronikken "NRKs overtramp"
"Utset seg sjølv for fare"
– Eg tolkar prisen som at norsk PEN tek eit standpunkt om at det ikkje er greitt å hetsa og mobba journalistar for å få dei til å slutta å dekka ei konflikt. Eg er ikkje eit offer, men eg er ein av mange journalistar som blir utsett for målretta kampanjar for å få oss til å slutta eller endre dekninga av konflikta mellom Israel og Palestina, seier Sidsel Wold, som no er i permisjon frå NRK for å skriva bok om Israel.
I grunngjevinga trekk Norsk PEN fram at Wold har rapportert frå Midtausten med engasjement, innleving, gode kunnskapar og omfattande kontaktflate. Slik har ho bidrege til viktige nyansar og god breidde i dekninga av konfliktane, skriv Norsk PEN, som også understrekar hennar evne til å formidla møter med enkeltmenneske og deira liv.
"Historier som er vesentlege for å forstå lange liner, sterke kjensler og konkrete konsekvensar av politisk maktspel. Samstundes som Sidsel Wold utset seg sjølv for fare, beherskar ho den vanskelege kunsten å væra krigsreporter med eit breiare perspektiv enn dekning av dei enkelte aksjonar og reaksjonar".
Les heile grunngjevinga for prisen.
Wold får prisen under eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo på torsdag.