Hopp til innhold

Rabbiar protesterer mot Eurovision i Israel

Israel har skrive ut 2000 løyver for at jødar skal kunne arbeide med Eurovision Song Contest i Tel Aviv på sabbaten. Det får ortodokse jødar og politikarar til å reagere.

Rabbi Chaim Kanievsky

Rabbi Chaim Kanievsky (i midten) har skrive eit brev der han protesterer mot jødar må arbeide for sabbaten for å få alt klart til finalesendinga i Eurovision Song Contest laurdag. Den 93 år gamle rabbien blir rekna som ein framståande religiøs leiar blant dei ortodokse jødane.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Den jødiske kviledagen, sabbaten, varer frå solnedgang fredagskvelden til solnedgang laurdagskvelden. Dagen er ein religiøs dag for kvile og bønn.

Men no reagerer fleire framståande ortodokse rabbiar på det dei meiner er ei mogleg krenking av sabbaten, skriv Daily Mail og fleire andre medium.

– Dei tvingar mange truande jødar til å arbeide laurdag, og vi kan ikkje hindre desse planane. Denne krenkinga er ein fare for vårt nærvær i Det heilage landet, skriv rabbi Chaim Kanievsky.

Har skrive ut løyver

Sjølve finalen i Eurovision Song Contest startar ein time etter at kviledagen er over ved solnedgang laurdag. Men det må omfattande førebuingar til på dagtid laurdag for å få alt ferdig til den direktesendinga på kvelden.

Difor har israelske styresmakter skrive ut 2000 dispensasjonar slik at jødiske arbeidarar kan arbeide på sabbaten under arrangementet, skriv Haaretz.

Det er Arbeidsdepartementet som har skrive ut løyva som seier at dei berre gjeld for selskap som utfører tenester som er viktige for å få gjennomført konkurransen.

Montering av ESC-scenen i Tel Aviv

Det er mange som må i sving før finalen i Eurovision Song Contest laurdag. No protesterer rabbiar og religiøse politikarar mot at mange også må arbeide på den jødiske kviledagen for å få alt klart til direktesendinga. Her er frå monteringa av scena i Tel Aviv i april.

Foto: JACK GUEZ / AFP

Politiske følgjer

I byrjinga av april var det nyval i Israel, der statsminister Benjamin Netanyahu blei utropt vinnar med knapp margin. Han har den siste månaden sete i forhandlingar med fleire parti for å kunne danne ein styringsdyktig koalisjon.

Men i førre veke trekte eitt av partia, UTJ, seg frå forhandlingane i protest mot at styresmaktene hadde gjeve løyve til arbeid på kviledagen.

– Regjeringa kan ikkje gi løyve til å arbeide på sabbaten når dei sit i koalisjonsforhandlingar med oss, sa ein talsperson for partiet til The Jerusalem Post.

Benjamin Netanyahu

Statsminister Benjamin Netanyahu vann valet i Israel med knapp margin for ein månad sidan. No har eit parti trekt seg frå regjeringsforhandlingane fordi regjeringa har gjeve dispensasjonar til å jobbe på sabbaten under Eurovision Song Contest.

Foto: POOL / Reuters

I eit brev til UTJ-leiinga skriv Netanyahu at dei ikkje kan kontrollere om Eurovision bryt heilagdagen eller ikkje.

– Eg vil understreke at Eurovision er eit enkeltståande, internasjonalt arrangement som blir gjennomført etter internasjonale standardar som regjeringa ikkje har kontroll på og som blir handtert av den israelske kringkastaren KAN aleine.

Han skriv også at dei fleste av deltakarane i konkurransen er utlendingar og ikkje jødar.

Ifølgje Eurovision-sjef Jon Ola Sand har ikkje dei merka noko til den uroa som har vore i Israel rundt arrangementet.

– Vi har ingen problem med dette. Kringkasteren Kan har heile tida vore klar over at folk måtte arbeide på fredagar og laurdagar. Så her arbeider alle som vanleg, skriv han i ei melding til NRK.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter