NRK Meny
Normal

Ordboka er redda

Dei populære ordbøkene på nett var i ferd med å forsvinne for godt. – Å legge dei ned ville ikkje tent nokon, meiner forskarmiljøet.

Skjermdump frå ordboka

POPULÆRT TILBOD: Bokmåls- og nynorskordboka er det mest brukte i språksamlinga, med 80 millionar oppslag i året.

Foto: Skjermdump / NRK

På grunn av omprioriteringar og ressursmangel skulle språksamlingane, som har vore på Universitetet i Oslo sidan 60-talet, leggast ned frå årsskiftet. Dette ville også ha råka dei populære ordbøkene på nett, Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

– Det vil vere som å stenge E18 og sei at no vil vi ikkje lenger bruke den vegen, seier Ottar Grepstad, leiar i nynorsk kultursentrum.

Ottar Grepstad

KJEMPA FOR ORDA: Ottar Grepstad har gått i elden for å bevare språksamlinga i eit akademisk miljø.

Foto: Aasentunet

Etter at UiO i 2014 sa at dei ville legge ned dei populære språksamlingane, har Grepstad engasjert seg sterkt for å halde materialet til universitetsmiljøa.

Bergen tek over

Ifølgje Grepstad er samlingane svært verdifulle, dekkjer fleire hundreår og representerer enorme investeringar frå det offentlege.

– Det er sjølvsagt at eit framståande akademisk miljø i Noreg må arbeide med det som er grunnlaget for å vere nordmenn, nemleg det norske språket, seier Grepstad.

Nynorsk kultursentrum og ei ordboksgruppe frå ulike universitetsmiljø gjekk inn for å finne alternativ, og i november i fjor vart det avgjort at Universitetet i Bergen, saman med Høgskulen i Volda, tek over arbeidet med språksamlinga.

– Det er svært flinke folk som no skal drive prosjektet vidare. Norske språkbrukarar og andre som vil vite meir om norsk språk kan berre gle seg, seier Johan Myking.

Han er fagleg ansvarleg på institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB.

80 millionar oppslag

Planen er at UiB skal drive permanent frå 2018, ifølgje Myking. Å flytte språksamlingane frå aust til vest var ikkje berre berre, rundt 70 tonn materiale er frakta over fjellet. Det skal plasserast og arkiverast på UiB i løpet av august.

Johan Myking

GLER SEG: Johan Myking er fagleg ansvarleg ved UiB, som tek over språksamlinga frå UiO. – Norske språkbrukarar kan gle seg, seier han.

Foto: UiB

– Alt i alt var det snakk om 15 trailerlass, pluss ein hengar, så totalt var det 16 lass, seier Myking.

Mykje materiale til tross, det mest populære i språksamlingane – dei digitale ordbøkene – treng ikkje mykje trailerplass.

Årleg vert det gjort 80 millionar oppslag i nettordbøkene. Besøkstopp for ordbøkene er på 330.000 unike brukarar i løpet av ein hard eksamensdag i juni i 2016.

– Viktig at den er gratis

Ifølgje Myking er brukstala aleine eit argument for å halde ordboka levande.

– Det er ordboka samfunnet har mest bruk for, alt frå journalistar til skuleelevar via folk flest. Dette er den aller viktigaste oppgåva som ligg i dette oppdraget, seier Myking.

Kunnskap om språk, rettskriving og standardspråk i ein kulturnasjon er heilt naudsynt, meiner Christian-Emil Smith Ore, førsteamanuensis ved UiO. Han har arbeida med digitalisering av ordboka sidan 1990.

– Derfor er det viktig at ordboka ikkje er ein privatisert ting, men noko alle kan bruke gratis, seier han.