Hopp til innhold

– Noreg bør læra av historisk samarbeid

Journalistar og forskarar analyserer 270 intervju og 2,5 millionar Twitter-meldingar for å finne røtene til opptøyane i England.

– Dette bør media i Noreg lære av, meiner forskar.

Britain Riots

Forskarar frå London School of Economics og journalistar frå the Guardian har sett nærare på kva som skapte opptøyane i England i sommar.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Tottenham laurdag 6.august: Natta blir lyst opp av brennande bilar og bygningar. Dette var starten på opptøyane som først spreidde seg til andre bydelar i London, så til andre byar som Liverpool og Birmingham.

Opptøyane var dominerte av unge, maskerte menn som ramponerte, angreip politiet og plyndra butikkar. Over 3000 personar vart arresterte under dei kaotiske dagane midt i august.

I dag publiserer den britiske avisa the Guardian intervju med fleire av dei som var med i opptøyane. Det er resultat av eit samarbeid med det velrenommerte universitetet London School of Economics (LSE).

BRITAIN-POLICE-UNREST BRITAIN-POLICE-UNREST

Ein utbrent bil i Liverpool etter den femte natta med opptøyer.

Foto: STRINGER / Afp

Samarbeidet er døypt «Reading the Riots» og byggjer på intervju med 270 personar som var involverte i opptøyane. The Guardian har også fått hjelp frå Universitetet i Manchester til å analysera over 2,5 millionar Twitter-meldingar relatert til hendingane. Målet er å finna ut korleis noko slikt kunne skje.

LES MEIR OM SAMARBEIDET HER

Kan kartleggja 22. juli

– Eg kjenner ikkje til liknande samarbeid mellom forskarar og journalistar i Noreg. Det hadde vore ein svært god ide, mykje journalistikk grenser til forsking, og omvent, seier Gunn Enli, førsteamanuensis i medievitenskap ved Universitetet i Oslo.

Ho meiner forskarar og journalistar til dømes kunne ha samarbeidd om 22. juli.

Gunn Enli

– Journalistar og media kan saman få fram perspektiv om 22. juli, seier medieforskar Gunn Enli.

Foto: HiO
Hilde Haugsgjerd, redaktør i Aftenposten

Hilde Haugsgjerd, sjefredaktør i Aftenposten.

Foto: Marit Hverven / NRK

– Mange perspektiv rundt 22. juli kunne blitt dekt av eit samarbeid mellom akademia og journalistikk. Dei kunne til dømes ha kartlagt den politiske bruken av bloggar og nettdebattar. Slikt samarbeid kan kasta lys over rystande hendingar som påverkar heile samfunnet.

«Eit krevjande samarbeid»

Per Arne Kalbakk, programsjef i NRK, likar tanken.

– Etter terrorangrepa 22. juli analyserte me Twitter-meldingar i nokre dagar for å sjå reaksjonane til folk. Ei grundigare analyse over tid kunne ha vore interessant, seier Kalbakk.

Hilde Haugsgjerd, sjefredaktør i Aftenposten, seier det er «svært mogeleg» at dei kjem til å tenkja i same baner som the Guardian. Ho viser til at norsk media alt samarbeider med forskarar for å utarbeida meiningsmålingar.

– Meir djuptgåande samarbeid med forskarar er ikkje ukomplisert. Forskarar jobbar med eit lengre tidsperspektiv og er ofte redde for å ikkje kunne få fram nyansane. Det er eit krevjande samarbeid. Når ein får det til, kan resultatet vera kraftfullt. Me må ha tillit til kvarandre, og vera einige om rollene, seier Hugsgjerd.

BRITAIN-POLICE-UNREST BRITAIN-POLICE-UNREST

Azim Mohamed ser på restane av butikken sin. Plyndringa gjekk i stor grad ut over lokalmiljøet i dei belasta bydelane i London.

Foto: MAX NASH / Afp

Hatar politiet

– Eg hatar politiet som jobbar ute på gata. Eg hatar dei av heile mitt hjarte, seier eit syttenåring som var med i opptøyane, til the Guardian. Mange av dei som blir intervjua fortel om rasisme og nedverdigande kommentarar frå politiet. Dei fortel om kjensla av makt og kontroll som opptøyane gav dei.

En opprører i England viser fingern på vei ut av retten i London

Unge menn fortel om eit intenst hat mot politiet, i prosjektet «Reading the Riots».

Foto: BEN STANSALL / Afp

– Politikarane fordømte folk som stod bak opptøyane, og kalla dei avskum og kriminelle. Denne studien viser at biletet var meir samansett, seier Storbritannia-ekspert og leiar av Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold.

I starten av 2012 kjem the Guardian og LSE til å intervjua politi og dommarar om opptøyane.

– Politiet har utvilsamt opptredd kritikkverdig. Men dei som stod bak opptøyane var då heller ikkje guds beste born, seier Kokkvold. Han har trua på at samarbeid mellom forskarar og journalistar kan heva kvaliteten på media.

– Akademikarane har kunnskap og evne til å analysera som nokre gonger overgår journalistane, seier Kokkvold.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)