Hopp til innhold

Opplever at mange sminkørar ikkje kan sminka mørk hud

For mange skodespelarar er sminke vesentleg for å skapa ein ny karakter. Fleire med mørk hud opplever at det er vanskeleg å få profesjonell sminke-hjelp.

Samantha Gura og Judy Nyambura Karanja

HUDTONAR: Skodespelarar Samantha Gurah (t.v.) og Judy Nyamburah (t.h.) håpar bransjen blir betre på å inkludera alle hudtonar og hårtypar.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Det er ofte i sminkestolen at karakteren blir født.

Men det er også her det ofte stoppar opp for skodespelar Samantha Gurah.

Hudtonen hennar, med røter frå Ghana, opplever ho ofte at sminkørar ikkje veit korleis dei skal sminka. Derfor tar ho med eigen sminke for å vera på den sikre sida.

– Det skaper litt ekstra stress fordi ein må vera veldig godt førebudd. Det er ikkje mitt fagfelt å vera maskør eller frisør. Eg vil komma og gjera det eg er booka inn til som skodespelar, og jobba med karakter og tekst.

– Skal inn i ny karakter

For Judy Nyamburah er ofte sminka essensiell som teaterskodespelar.

– Det er kjempeviktig. Du skal på ein måte ut av deg sjølv og inn i ein ny karakter.

Faglærar Maria Zahl på Imageakademiet stadfestar behovet for breiare kompetanse innan sminking av ulike, og spesielt mørkare hudtonar.

– Det er absolutt på tide å inkludera fleire med ulike hudtonar i skodespelaryrket. Me som fagfolk må følga opp og læra oss dei riktige teknikkane for å sminka dei, så dei også kan vera integrert i ei rolle, og ikkje berre alltid må spela seg sjølv fordi at ein ikkje kan sminka dei, seier Zahl.

Samantha Gurah

TRYGT: – I ei ideell verd skulle eg berre lent meg tilbake i sminkestolen som no, seier Gurah til Zahl. I tillegg til å vera faglærar, jobbar Zahl òg frilans som makeupartist og maskør. Ho har erfaring med alle hudtonar.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Gurah hyllar bransjen for at mange stadig ønsker meir mangfald og fleirkulturelle skodespelarar.

– Men det kan ikkje stoppa med at ein får inn eit namn på ei rolleliste, og så veit ein ikkje korleis ein skal behandla skodespelaren når det kjem til sminke eller hår.

– Føler ein tar mykje plass

Gurah har jobba i bransjen i 13 år, og Nyamburah i 11 år. Dei har lenge opplevd å sjølv måtta ta ansvar for det som høyrer til eit profesjonelt yrke. Dei fortel at det tar på å seia ifrå om at dei ikkje synest det er greitt.

– Ein føler ein er for mykje, at ein tar mykje plass. Noko som eigentleg er ganske feil, for du er der for å gjera ein jobb, og skal bli behandla på lik linje som alle andre. Det er veldig demotiverande og trist eigentleg, fortel Nyambura.

Nokre gonger har jobben som skal gjerast vore planlagt eit år i førevegen med det aktuelle teateret. Det bør derfor ikkje komma som ei overrasking at ho kjem, meiner Gurah.

– Det er ikkje sånn at eg berre dukkar plutseleg opp. Då tenker eg at institusjonen ikkje har førebudd seg godt nok til å ta imot skodespelarar som har meir melanin enn den gjengse skodespelar, seier Gurah.

Samantha Gura og Judy Nyambura Karanja

FINE NOK: Både Gurah og Nyamburah får ofte høyra at dei er fine nok som dei er. Men det handlar om andre ting, meiner dei. – Ein skal jo ikkje spela seg sjølv, seier Gurah.

Foto: Munevver Yildiz / NRK

Leiar i maskøravdelinga på Operaen, Per Ragnar Karlsen, peikar på at det tidlegare har vore mindre mangfald i bransjen.

– Og det er jo etterspurnaden som skapar behov. Med fleire variasjonar på aktørar med varierande hudtonar og for eksempel afrohår, som krev spesiell kunnskap, prøver me å auka kunnskapen kontinuerleg.

Gjennom tiltaket Prøverommet, jobbar han mykje med kursing og kompetanseheving innan maskefaget i teaterbransjen.

Får støtte frå Norsk Skuespillerforbund

– Me er einige med Samantha Gurah. Det er viktig at arbeidsgivarane våre sørger for å ha topp kompetanse på alle fagfelt. Det gjeld også sminkørar, seier forbundsleiar Knut Alfsen i Norsk Skuespillerforbund.

Makeupartist og maskør Zahl seier ho er glad for å sjå at bransjen har utvikla seg, og at dei no har eit stort fokus på ulike hudtonar på Imageakademiet.

– Me inkluderer denne kunnskapen i alle faga ved undervisninga, og har også eit eige fag i djupe hudtonar ved skulen.

Når det kjem til afrohår, meiner Gurah at mogelegheitene er mange om ein berre lærer seg det.

– Kor gøy hadde det ikkje vore å testa ut kva me faktisk kan gjera? Då må me ikkje ligga på latsida og sei at «oi, dette var eit område som eg ikkje kan noko om», då må ein vera interessert og læra meir. Eg trur ein går glipp av mogelegheiter.

Kulturstrøm

  • Banksy-utstilling til Oslo

    I februar kommer Banksy-utstillingen «The Mystery of Banksy – A Genius Mind» til Økern-senteret i Oslo.

    Utstillingen åpner 23. februar og vil vise fram nærmere 150 reproduksjoner av gatekunstnerens verker. Utstillingen skal ikke være godkjent av kunstneren selv, på grunn av hans anonyme status.

    – Vi er utrolig stolte for å kunne åpne dørene til denne storslagne utstillingen på Økernsenteret, sier arrangør Bjørn Heiseldal ved Thalia teater til NTB.

    1,4 millioner personer har besøkt utstillingen siden den åpnet i München våren 2021. Den har siden vært innom både Wien, Berlin, Zürich, Hamburg og Malmö.

    Den britiske kunstnerens identitet er forblitt en godt bevart hemmelighet, til tross for at hans kunststunt har vekket stor oppmerksomhet internasjonalt i en årrekke. Det er imidlertid antatt at han er en mann 45-50- alderen som er fra Bristol i England.

Flere kulturnyheter

Jon Fosse ord for ord Key bredde NRK TV

Bli med på Fosse-feiring og snakk med oss!

Jon Fosse byrja nobelforedraget med å fortelje om si livslange frykt for høgtlesing

– Og no nesten heilt utan redsle, las han skjelvande. Nobelforedraget til Jon Fosse rørte fleire.