NRK Meny
Normal

Operafasaden ser framleis slik ut

Dei omfattande skadane på Operahuset vert ikkje gjort noko med, trass lovnadar frå Statsbygg. No tør dei ikkje love noko meir.

Opera sommmer
Foto: Lars Thomas Nordby

Øydelagte granittplater har vore skjemmande for praktbygget i Oslo i lang tid. Det kalde vinterklimaet gjer at dei blir øydelagt.

Statsbygg lovde å fikse såra i den kvite granitten. Arbeidet skulle vere ferdig i fjor sommar.

Ser du forskjell på bileta?

opera før etter

Ser du forskjell på desse to bileta?

Biletet til venstre er frå mars i fjor, då NRK besøkte Operaen i Bjørvika i Oslo.

Til høgre er eit bilete av same stad, og er frå i dag. Deler av fasaden på sørsida av Operaen smuldrar nærmast opp. Steinar lausnar og fell av fasaden.

Etter førre reportasje lova Statsbygg å ha ein plan klar til sommaren i fjor.

Les meir om løfta frå Statsbygg her.

Framleis er ingenting gjort.

– Det stemmer at me sa at me skulle jobba med saka for over eit år sidan, og det gjer me då også. Det er heilt naturleg at me tek tak i steinproblematikken til sommaren og utover hausten, seier Hege Njaa Rygh, kommunikasjonsdirektør for Statsbygg.

– Så det vil bli fiksa før vinteren?

– Det tør eg ikkje lova. Me veit me har lange prosessar, derfor tør eg ikkje lova noko dato. Men me jobbar med å retta det opp, seier Njaa Rygh.

Saka held fram under biletet.

Hege Njaa Rygh, Statsbygg

Hege Njaa Rygh, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg, lova i mars i fjor at dei ville innhenta tilbod på reperasjon av fasaden på Operaen.

Foto: Lars Thomas Nordby

– Bør reparera no

Praktbygget Operaen i Bjørvika kosta over fire milliardar kroner, og er berre tre år gamalt.

Arkitekt og grunnleggjar av Snøhetta, arkitektfirmaet som teikna Operaen, Kjetil Thorsen er ikkje glad for korleis bygget ser ut frå sørsida.

– Alle skader på eit hus av eit slikt format bør bli reparert fortløpande. Eg synest godt Statsbygg kunne ha reparert skadane no, seier Thorsen.

SJÅ REPORTASJEN FRÅ DAGSREVYEN HER

Video Opera fasade

Opera fasade

To alternativ

Det er den norske vinteren med snø og is som gjer at granittplatene blir øydelagde.

Øydelagde plater må sendast til Italia for å bli tilpassa. Statsbygg vurderer to løysingar: enten å skifta ut steinane etter kvart som dei vert øydelagde, eller å laga ein meir permanent sikringskonstruksjon.

Prisforskjellen mellom desse to alternativa er stor.

Ifølgje Hege Njaa Rygh vil det kosta nokre hundre tusen kroner å skifta ut steinane. Ei meir permanent løysing vil kosta over ein million kroner.

Operahuset i Oslo

Operahuset sett frå ein meir heldig vinkel.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

KVA MEINER DU OM OPERAFASADEN?

DISKUTER HER!