Hopp til innhold

OnklP rørt av sin eigen låt

OnklP var tydeleg rørt då han fekk høyre ein heilt ny versjon av låten sin «Styggen på ryggen», på sørsamisk. – Det er så mektig!

Onkelp blir rørt av å høyre framføringa av si eiga låt "Styggen på ryggen" i programmet "De neste"

RØRT: OnklP blir rørt av å høyra Marja Mortensson framføre låten «Styggen på ryggen» i programmet «De Neste».

Foto: NRK

Det er i det nye programmet «De Neste», at den kjende rapparen OnklP får høyra den sørsamiske artisten Marja Mortensson tolke låten han sjølv har skrive. Før framføringa var han svært spent:

– Ho har ein veldig, veldig spesiell og særeigen måte å gjera det på med joik og sørsamisk. Så kva ho enn finn på, veit eg det blir eksepsjonelt og annleis frå alt eg har høyrt før. Det blir rått, seier Tøien.

I det kommande NRK-programmet «De Neste» får nye artistar tolka songane til nokre av Noregs mest etablerte artistar.

Marja Mortenson syng, OnkelP er tydeleg rørt over å sjå framføringa. Frå det nye programmet De Neste.

Marja Mortensson syng, OnklP er tydeleg rørt over å sjå framføringa. Frå det nye programmet De Neste.

OnklP, også kjend som Pål Tøien, ville oppmoda folk til å snakka om det dei ber på, då han gav ut låten «Styggen på ryggen». I 2014 tok han Noreg med storm med låten.

Han er ein av artistane som er med i eit heilt nytt underhaldningskonsept.

«De Neste»

Søndag 7. mars er det premiere på det splitter nye underhaldningsprogrammet «De Neste» på NRK 1. Det blir publisert i NRK TV 5. mars.

Dei etablerte artistane som er med i programmet "De Neste: F.v: Magnus Rønneberg frå CC Cowboys, Sondre Lerche, Cato Sundberg frå Donkeyboy, programleiar Ida Maria Sivertsen, Ingebjørg Bratland, Lene Marlin og OnklP.

DEI ETABLERTE: F.v.: Magnus Grønneberg frå CC Cowboys, Sondre Lerche, Cato Sundberg frå Donkeyboy, programleiar Ida Maria Sivertsen, Ingebjørg Bratland, Lene Marlin og OnklP.

Foto: Vegard Breie / NRK

Seks etablerte artistar skal få nokon av dei største låtane sine tolka av seks nye, lovande artistar, altså «De Neste». Samstundes skal dei kjende artistane gi rettleiing, forklara bakgrunnen for låtane og kva desse har betydd for dei.

OnklP er svært nøgd med å vera med som ein av dei etablerte artistane.

– Det er ganske digg å vera artist i dette programmet. Eg berre sit der i ein deilig stol og opplever masse feite framføringar.

Sørsamisk vri på kjend raplåt

Sørsamiske Marja Mortensson er ein av dei unge, lovande artistane som deltek i programmet. Ho kjem frå reinbeitedistriktet Svahken sijte i Engerdal kommune i Innlandet.

Portrett av den sørsamiske artisten Marja Mortenson.

STJERNESKOT: Den sørsamiske artisten Marja Mortensson er med i programmet «De Neste».

Foto: Vegard Breie / NRK

– Eg håpar å setja det sørsamiske språket og joiken på kartet. Dei færraste veit at det sørsamiske området byrjar i Hedmark, eller Innlandet som det no har blitt, seier ho.

Ho fortel at ho blandar både norsk, sørsamisk og engelsk i tolkingane sine av hitlåtane.

Også den populære og kritikarroste låten «Styggen på ryggen» frå 2014 får ei sørsamisk tolking når ho står på scena.

– Det er ein legende av ein låt, så sjølv eg som ikkje har høyrt så mykje på rap har eg høyrt denne låten. Og så jobbar eg mykje med tubaist Daniel Herskedal for tida, så me har laga eit univers ut av mange, mange lag med tuba. Det blir ei spesiell sak, men ein utruleg artig låt å framføra.

Musikk og glede

– Konseptet er at me skal få høyra nokre norske hits i nye, unge talent si tolking. Det er musikarar som møter musikarar. Det blir masse musikk og glede, seier programleiar Ida Maria Sivertsen.

Ida Maria Sivertsen, programleiar i det nye underhaldningsprogrammet De Neste.

Ida Maria Sivertsen, programleiar i det nye underhaldningsprogrammet De Neste.

Foto: Vegard Breie / NRK

Programmet som skal visast over seks veker, blei spelt inn i januar. Sivertsen, som til vanleg er artist sjølv, fortel at ho har blitt rørt fleire gonger under innspelinga.

– Det er berre heilt fantastisk å høyra det som rører seg blant ungdommen, og også høyra låtar som me alle har eit forhold til i ein oppdatert versjon med nye kreative variasjonar.

– Målet er at unge, nye artistar får visa seg fram.

Her er dei etablerte artistane som er med i programmet:

  • Sondre Lerche
  • Lene Marlin
  • OnklP
  • Cato Sundberg frå Donkeyboy
  • Ingebjørg Bratland
  • Magnus Grønneberg frå CC Cowboys
Artistene og talentene i "De neste"

PREMIERE: «De Neste» har premiere på NRK 1 søndag 7. mars. Du kan sjå det i NRK TV allereie frå fredag 5. mars.

Foto: Vegard Breie / NRK

Dette er «De Neste»:

  • Hedda Mae
  • dePresno
  • Sebastian Zalo
  • Marja Mortensson
  • Endre Norvik
  • Ylva

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.