Hopp til innhold
Anmeldelse

Omkamp mellom tru og vitskap

Ein original framtidsroman der det ikkje er klimakrisa, men idear og trusretningar som får vere drivkrafta. Dei mest interessante mønstera kjem fram når ein stryk teksten mot håra.

Øystein Stene

Framstillinga av tru og vitskap som absolutte motsetningar i romanen «De opplyste», verkar oppkonstruert og lett datert, skriv Marta Norheim.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

Handlinga i «De opplyste» er lagt til ei ikkje særleg fjern framtid, der gamle menneske framleis hugsar tilbake til vår tid. Det vil seie tida før sol-orkanane, eller Guds kraft, endra kloden radikalt. Kva for namn du vel å bruke på denne globale katastrofen som halverte folketalet på jorda, definerer deg på avgjerande vis.

Det kløyvande spørsmålet er nemleg ikkje om du er kristen eller muslim, men om du er religiøs eller tilhengar av naturvitskaplege forklaringar. Medan truande innanfor ulike religionar greier å leve godt saman i Riket, har dei store problem med å takle dei gudlause innbyggjarane i Unionen. Problemet er gjensidig: Unionsfolka meiner ein må finne ei endeleg løysing på religionsproblemet.

Hovudmotsetninga

Forfattarar som diktar om framtida, vel gjerne eit par potensielt farlege trekk i notida som dei forstørrar og studerer. Det kan vere global oppvarming, genmanipulasjon, overvaking. Spørsmålet som ligg meir eller mindre godt gøymt i desse bøkene er: Kva kan vi gjere no for å hindre at framtida blir så ille som i denne romanen?

Dei elementa Stene har valt er tru og vitskap, og han framstiller dei som absolutte motsetningar. Anten- eller. Dette valet er merkeleg. Ikkje valet av tru i og for seg, men denne veldige polariseringa mellom dei som trur på noko guddomleg og dei som søkjer forklaringa under luper og i reagensrøyr. I vår tid er intensiteten i debatten om motsetningar mellom tru og vitskap om lag på nivå med debatten om monarkiet. Det er ikkje her striden står lenger.

På livssynsfronten står kampen no mellom einøygde fundamentalistar og folk med evne til å leve med at folk meiner noko anna enn dei sjølve. Ein moderat muslim vil truleg kjenne seg meir i slekt med ein nøktern kjemikar enn med ein livssynsberserk i IS.

Mothårs

Hovudmotsetninga i romanen «De opplyste» verkar altså oppkonstruert og lett datert. To andre sider ved romanen gjorde at eg likevel las romanen med stor interesse. Den eine er komposisjonen: vi blir ført gjennom seks ulike soner der vi slår følgje med totalt 21 personar som ser verda frå ulike synsstader. Fleire av desse får vere bipersonar i andre historier, og denne veven er godt laga. Eg ønskjer å vite korleis det går med dei, eg er nysgjerrig på samfunnet dei lever i, eg skulle gjerne fått vite meir.

Det andre er skildringa av korleis folk i Riket og Unionen skaper karikerte fiendebilde og lagar helvete for kvarandre. Det går an å lese nett dette som sjølve kjernen i romanen: at begge sider kan lære av kvarandre. Eit godt poeng, som Stene kunne bora djupare i om ikkje hovudmotsetninga var lagt på aksen tru-vitskap.

Passar for deg som:

  • likar at alle får kome til orde

Fleire meldingar frå NRK

Mads Rages Og skipet siglar vidare

Mads Rages romandebut bringer leseren inn i et univers der havet og et seilskip av ubestemmelig alder utgjør hele verden. Slikt blir det sterk fortelling av. Omvendt science fiction i sterk debut

Nullingen av Paul Abel, av Bjørn Vatne

Kor langt er du villig til å gå for å berge klimaet? Bjørn Vatne stiller lesaren overfor eit utriveleg dilemma. Diktatur som løysing på klimakrisa

Cathrine Knudsens Den siste hjelperen

Det er pinefullt når Cathrine Knudsen pirkar borti systema vi bruker for å pynte på dei bitre realitetane. Når dekorjobben denne gongen får hjelp av den nyaste teknologien blir det direkte skremmande. På glideflukt inn i nifs framtid

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.