– Det er offisielt! skriv ei begeistra Jennifer Aniston på Instagram-kontoen sin.
No er gjengen i serien som ein på norsk kjenner som «Venner for livet» klare for ei gjenforeining i ein spesialepisode. Det melder blant andre The Hollywood Reporter.
Det amerikanske mediehuset skriv at det første, vesle klippet omsider har blitt delt, i tillegg til namnet på gjesteskodespelarar.
Første klipp delt
Spesialepisoden skulle eigentleg sendast for eitt år sidan, men blei utsett på grunn av koronapandemien. No blir han tilgjengeleg på strøymetenesta HBO Max 27. mai.
Dei ferske klippa er sparsame og røper lite, men har likevel engasjert stort.
Jennifer Aniston, med sine 36 millionar følgarar på Instagram, drar ein klassisk Chandler-vits i innlegget der ho røper datoen for serien. Dette har ho fått enorm respons på.
Store stjerner som gjester
Variety melder at kvar av dei seks hovudskodespelarane får 2,5 millionar dollar, altså rundt 23 millionar norske kroner, for å vera med i episoden.
Dei skal tilbake til den ikoniske «Stage 24» på Warner Bros. Studios. Dette var scena som dei filma store deler av den originale serien på.
Det er ikkje berre den originale gjengen som dukkar opp i episoden. Torsdag kveld blei det også annonsert at stjerner som blant andre Justin Bieber, Lady Gaga, Kit Harington og David Beckham dukkar opp.
I tillegg melder òg amerikanske medium at menneskerettsaktivisten Malala Yousafzai blir å sjå i episoden.