Det er liten tvil om at øl ikkje er noko nytt. Sjølv om vikingane som kneet fortrakk å gå berserk rusa på viltveksande sopp, har me alle høyrt om mjød. Og det er meir en bokstaven ø som er i slekt med dagens øl. Når ein ser filmar frå vikingtida blir tilgangen til øl skjeldan problematisert i desse filmane, dette var jo som kjent før pengasamfunnet slo til for alvor, og ølutsal var såleis uansett utenkjeleg. Øl var truleg noko ein kunne bytta til seg mot litt godt humor og lyst på fest.
P. Juls. Sandvigs ølutsalg i Ålesund. Foto: Kjell Herskedal, SCANPIX
Gjer me eit kjapt byks ein sånn cirka 1000 år fram i tid vil me sjå at mykje er annleis når det gjeld øl. Pengasamfunnet er kome for å bli, men øl let seg likevel ikkje kjøpa for pengar.
Tørrlagte kommunar
Ifølge krønikane til Statens institutt for rusmiddelforsking var det i 1960 slik at det i over halvparten av alle norske kommunar var umogeleg å få kjøpt øl, over bardisk eller kjøpmannsdisk eller noko som helst. Kommunane var tørrlagte. Kva folket var, er det større usikkerheit om.
Hoppar me fram til 1971 operer jamvel rusmiddelforskinga med tal, og då er det 124 kommunar som ikkje har øl til sals i Noreg. I denne perioden er det slik at det enten er forbud eller så er det fritt sal.
Begrensningar eit paradoks
Ragnar Hauge er professor ved Statens institutt for rusmiddelforskning. Han synast det er et paradoks at det var begrensningar på kor mykje ein kunne kjøpa.
- Man hadde en nedre grense som gjorde at man måtte kjøpe kassevis. Det var jo en underlig ordning, men folk drakk jo mindre. Det var ikke så ofte at man kjøpte en kasse, sier Hauge.
Ingen øllause kommunar i dag
Oslo 1946: Pilsen er kommet tilbake til butikkene. Kunder står i kø foran disken inne i en butikk. Arkivfoto NTB / SCANPIX
Utover 70- og 80-talet må nordmenn berre blitt tystare og tystare, for dei øllause kommunane blei berre færre og færre. I 1981 var det blitt vel 90 ølutsalg, og ti år seinare var det berre 13. I dag finnes det ingen øllause kommunar i Noreg.
Gunn Berit Gjerde representerer Venstre og er ordførar i Hareid kommune, ein av berre 18 kommunar som fortsatt har ølmonopol. Ho fortel at ein må kjøyra til ein spesiell plass i Hareid for å få kjøpe øl.
- Ølmonopolet ligg sentralt i Hareid sentrum, så det trur eg ikkje er noke problem. Det jo fint å vera eksklusiv, og no sitt eg i bilen saman med representantar for to andre kommunar på Sunnmøre som også har ølmonopol. Vi er skjønt einige i at det synast me er veldig bra, sei Gjerde.
Glansdagane over
Gunn Berit Gjerde fortel at Ørsta kommune betalar over ein halv million kronar årleg til kultur. Men sjølv om det er mulig å tene pengar på å vera aleine om ølsalget, trur rusmiddelforskaren at ølmonopola ikkje har lenge att.
- Vi er jo i en periode hvor alkoholomsetningen liberaliseres mer og mer, og nå er det jo snakk om å få vin i dagligvareforretningene, så jeg tror at ordningen med ølmonopol har sett sine glansdager. Jeg tror ikke det er mange kommunar igjen med ølmonopol om 10 år, sei Hauge.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre Linda Eide, som snakka med Ragnar Hauge om liberalisering av alkoholpolitikk, og med Gunn Berit Gjerde som satt i same bil som to andre hårdnakkede representantar for kommunar som fortsatt har ølmonopol.
Norgesglasset NRK P1