NRK Meny

Kulturstrøm

  • Varslar ny Harry Hole-bok

    Jo Nesbø gir ut ei ny Harry Hole-bok i juli 2019. Han offentleggjorde dette på si eiga heimeside torsdag. Lite informasjon er offentleggjort om handlinga, men i eit samandrag står det at Harry Hole vaknar opp i bakrus med hendene og kleda dekkja av blod, ifølgje VG.

    Jo Nesbø lanserer "Macbeth"
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
  • Lesarane rasar mot Elle

    – Vi har ingen ambisjonar om å representere heile samfunnet.

    Dét svarte motebladet Elle då ein lesar på Instagram lurte på kvifor det ikkje var meir mangfald blant bloggarane deira. Svaret har fått mange til å reagere, skriv nettstaden Melk og Honning. Elle-redaktør Signy Fardal meiner det heile er ei misforståing, og kommenterer til VG at fordi Elle «heile tida brukar modellar og intervjuobjekt med anna etnisk opphav enn det norske, falt det oss ikkje inn at spørsmålsstillar tenkte på etnisitet».

    Signy Fardal
    Foto: Aas, Erlend / Scanpix
  • Tiltalt for drapet på XXXTentacion

    Fire menn ble onsdag tiltalt for overlagt drap og bevæpnet ran av rapperen XXXTentacion, melder NTB. 20 år gamle XXXTentacion, hvis egentlige navn var Jahseh Onfroy, var i ferd med å forlate en butikk i Miami mandag 18. juni da han ble ranet og deretter drept av to maskerte menn. Han bar på en designerveske av merket Louis Vuitton med 50.000 dollar i kontanter, tilsvarende rundt 412.000 norske kroner.

    Rapperen XXXTentacion
    Foto: Samuel Kenwright - Flickr, CC BY-SA 2.0