I Stjørdal har dei brygga øl på same måte i 1000 år. Vikingane lærte metoden av keltarane, og dei lokale er stolte av å halda tradisjonen i hevd.
Me har møtt Hognesaunet såinnhuslag, eit bryggarlag som for 23 år sidan bygde eit felles såinnhus. For med kombinasjonen av trehus og høg varme har mange såinnhus brent til grunn, og karane sakna eit eige hus.
Kauking må til
Bryggarar i Stjørdal lagar malt til ølet sjølv. I såinnhuset blir spira bygg tørka over ei stor trerist. Stivelsen i byggkornet blir brote ned til sukker, og kornet blir til malt. Tørkinga gjev maltet ein røykt smak som pregar ølet.
Ein spennende og viktig del av ølbrygginga er kaukinga. Etter tradisjon skal ein kauke når ein tilsett gjæren. Dei skrik for å for å skremma vekk underjordiske som går med planar å gjera ølet surt.
Alle har sin eigen måte å kauka på, nokon skrik alt dei kan medan andre roper ut eit vers. Kauket er privat, men me kan avsløra at det blir høglytt kauking i fredagens program.
Ølsmaking med trekkspel attåt
Etter brygginga inviterte karane i Hognesaunet såinnhuslag til ølsmaking heime hos formann i laget, Bjarne Vestmo.
Nærast heile laget hadde møtt opp med koner, og dei var spent på om me likte ølet.
Kva trur du? Ei rogalandjentes reaksjon etter første prøvesmak får du på fredag!