Hopp til innhold

OL-kunst for millionar forfell på Lillehammer: – Ein skandale

Trass fleire rundar med kritikk, er kunstsamlinga i stadig forfall. – Dei burde ta seg alvorleg saman, seier kunstkritikar.

Kunstverket av Allan Mccullom "Forty Plaster Surrogates" heng i fellesarealet ved høgskulen i Innlandet.

STOR VERDI: Etter OL i Lillehammer for 26 år sidan, fekk høgskulen i byen den gjeve Olympiasamlinga i gåve. Samlinga består av over 100 kunstverk av anerkjende kunstnarar som Cindy Sherman, Andres Serrano og Allan McCollum. Verket på biletet heiter «Forty Plaster Surrogates» og har ein verdi på mellom 800.000 - 1.000 000 kroner.

Foto: Mette Vollan / NRK

– Dei burde vite betre. Samtidskunst og kunst er ikkje tull.

Det seier Åsmund Thorkildsen, som er kurator for Olympiasamlinga. Han er fortvila over tilstanden til kunstverka som heng på Høgskolen i Innlandet i Lillehammer.

Kunstverk av kjende samtidskunstnarar har falma etter fleire tiår med eksponering frå sterkt sollys. Nokre verk er bulka, nokre oppskrapa og andre er teipa eller limt saman.

Thorkildsen meiner skulen må forstå kor stor verdi verka har, og at å ta vare på kunsten er ein del av forvaltningsansvaret.

 Noen steder har bitene blitt tapet sammen eller limt på igjen.

TYGGIS: Fleire av dei førti bileta i kunstverket «Forty Plaster Surrogates» av Allan Mccullom har store og små skadar. Her har nokon festa ein tyggis under det eine bilete.

Foto: Mette Vollan / NRK
Kunstverket "Forty Plaster Surrogates" av Allan Mccullom heng i fellesarealet ved høgskulen. Verket har fleire skadar. Her er ei ramme fått ødelagt kanten sin.

ØYDELAGT: På dette biletet er det eine hjørnet borte.

Foto: mette vollan / nrk
Kunstverket «Forty Plaster Surrogates» av Allan Mccullom heng i fellesarealet ved skulen. Verket har store og små skadar.

TEIPA SAMAN: På nokon kunstverk har lause bitar vorte limt eller teipa på att.

Foto: Mette Vollan / NRK
Fin Serck-Hanssen sitt "Uten tittel" er blitt blått. Før var det svart/kvitt.

SKIFTA FARGE: Fin Serck-Hanssen sitt bilete «Uten tittel» ber preg av fleire år med direkte sollys. Verket som før var svart/kvitt er no blast og blått.

Foto: Mette Vollan / NRK
Tydelege skadar på bilete som heng i eit av auditoria på høgskulen i Innlandet. Bilete heitar "Uten tittel" og er laga av Cindy Sherman.

KNUST: Verket «Uten tittel», som heng i eit av auditoria på høgskulen har knust glas. Biletet er laga av Cindy Sherman.

Foto: Mette Vollan / NRK

Det var Gudbrandsdølen Dagningen som fyrst omtala saka i fjor. Lite har skjedd for å ta vare på kunsten sidan den gong. Om noko er samlinga i endå dårligare stand enn tidlegare.

Vanskeleg å erstatte

Rett bak eit flittig brukt pingpong-bord, heng det ei rekke kunstverk.

Men eit er tatt ned.

«Uten tittel», laga av den avdøde Arne Malmedal var i so dårleg stand at høgskulen låste det inn på eit rom tidlegare i år.

Kurator Thorkildsen kan godt hugse verket. Han fortel at overflata er veldig sårbar, og at det nesten ikkje tåler nokon ting.

– Du kan mest ikkje ta på det med fingertuppane ein gong.

«Utan tittel», laga av Arne Malmedal var i so dårleg fatning at høgskulen tok det ned og låste det inn på eit rom tidlegare i år.

TATT NED: Verket «Uten tittel», laga av Arne Malmedal, var låst vekk då NRK var på besøk. Biletet er gult med raud ramme, og var sterkt forslått. Her frå mars i fjor. Marit Torgersen, som er ansvarleg for samlinga på høgskulen, kunne ikkje seie noko om tilstanden verket er i no.

Foto: Jenny Heradstveit

Thorkildsen forklarer at det å få ei ripe i eit slik måleri er ei betydeleg større skade enn å få ei sprekk i eit glas på eit bilete.

– Det er utruleg trist. Malmedal var ein av dei ledande kunstnarane i Noreg. Du skal ha ein meget dyktig teknisk konservator for å restaurere dette måleriet.

Ved sidan av heng ein serie kunstverk laga av den kjende samtidskunstnaren Andres Serrano. «Piss», «Melk» og «Blod» rører ved den politiske debatten rundt kropp og offentlegheit, står det i boka «Nettverk» som omhandlar Olympiasamlinga '94.

Biletet «Piss» er tydeleg prega av fleire tiår med eksponering av sterkt sollys. Verket som var knallgult, er no mest kvitt.

«Piss», «Milk» og «Blood» av Andre Sarrano heng i første etg ved høgskulen i Innlandet. Biletet «Piss» er tydeleg prega av fleire tiår med eksponering av sterkt sollys. Verket som var gult, er no mest kvitt.

BLASS: Biletet «Piss» (nærmast) av Andre Serrano er tydeleg bleika av sola. Før hadde bilete ein mykje sterkare gulfarge. Kunstverka har ein verdi på mellom 150.000-200.000 kvar.

Foto: Mette Vollan / NRK

Millionkunst i forfall

Thorkildsen seier kunsten som heng på skulen er laga av veletablerte, kjende kunstnarar og at mange av dei var verdsberømte allereie for 26 år sidan.

Det trur han ikkje dei fleste er klar over.

Han har høyrd eit rykte om at studentar ønskjer å selje kunsten for å få finansiere pizzakveldar på skulen.

– Om ein sel dei dyraste verka der, vert det ein del pizzaer. Eg håper det er eit rykte utan rot i verkelegheita.

– Finn ein ut den faktiske verdien av kunstverka, kan det hende ein faktisk får litt respekt for dei, held han fram.

Åsmund Thorkildsen er kurator for Olympiasamlinga. Han er kritisk til at verka ved høgskulen i Innlandet ikkje er betre tatt vare på.

BEKYMRA: Åsmund Thorkildsen er tidlegare direktør for Astrup Fearnley Museet og kurator for Olympiasamlinga som heng ved høgskulen. Han er bekymra for tilstanden kunstverka er i.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Han viser mellom anna til Cindy Sherman, som lenge har vorte rekna som ein av dei ti største samtidskunstnarane i verda.

– Kunsten hennar er kjøpt inn av alle museum, og er av kjempeinteresse i den private marknaden, seier Thorkildsen.

– Kritikkverdig

Verdien til mange av verka er halvert fordi dei ikkje er varetatt. Kunstkritikar Mona Pahle Bjerke meiner det er trist, og seier det er ein skandale at høgskulen forvaltar kunstsamlinga så dårleg.

Mona Pahle Bjerke

TRAGISK: – Denne samlinga rommar veldig store internasjonale kunststjerner. Dette er heftige kunstnarar som er verdt veldig mykje pengar. Det er veldig tragisk, seier kunstkritikar Mona Pahle Bjerke.

Foto: Miriam Fosstvedt

– Problemet er at dei ikkje forstår seg på kunstforvaltning. Det er fint at kunsten er der det er studentar. Men det er kritikkverdig at ein ikkje er bevisst på den utrulege ressursen ein sit på. Dei burde ta seg alvorleg saman, seier ho.

Sidan omtalen i GD har Høgskulen i Innlandet oppretta eit kunstutval som skal gi skulen råd om korleis å best mogleg vareta og formidle kunsten. Så langt har dei ikkje gjort noko for å skjerme eller restaurere dei verdifulle bileta.

– Vi blei stoppa av Covid-19, seier Marit Torgersen, som er direktør for digitalisering og infrastruktur ved INN.

– Prøver so godt vi kan

I 2010 vart verket «The Red Box» av Sven Påhlsson brukt som bøttekott. Boksen var mellom anna fylt med gamle PC-skjermar, kablar og ei korktavle.

No er det meste tatt ut, men det som eigentleg skal vere ein videoinstallasjon vert framleis brukt til oppbevaring av stolar og ein palle.

STORE SKADAR: Kunstverket «The Red Box» av Sven Påhlsson har store skadar og blir brukt til oppbevaring.

STORE SKADAR: Kunstverket «The Red Box» av Sven Påhlsson har store skadar og vorte brukt til oppbevaring.

Foto: Mette Vollan / NRK
«The Red Box» blei tidlegare brukt som bøttekott. No er fleire ting tatt ut, men framleis oppbevaras det stoler og ein palle her. Det er også støvete og skittent på innsida.

PÅ VEG UT: Lista på baksida er laus. Det er også bitar frå verket som har falt av.

Foto: Mette Vollan / NRK
HOL: Framsida har eit stort hol og fleire merkar.

HOL: Framsida har eit stort hol og fleire merker.

Foto: Mette Vollan / NRK
"The Red Box" har store skadar. Verket blir brukt til oppbevaring på høgskulen i Innlandet.

ØYDELAGT: Kanten på framsida er skada.

Foto: Mette Vollan / NRK
"The Red Box" blei tidlegare brukt som bøttekott. No er fleire ting tatt ut, men framleis oppbevaras det stoler, elektronisk utstyr og ein palle her. Det er også støvete og skittent på innsiden.

OPPBEVARINGSPLASS: «The Red Box» blei tidlegare brukt som bøttekott. No er fleire ting tatt ut, men framleis oppbevarer dei stolar og ein palle her.

Foto: Mette Vollan / NRK
OPPBEVARINGSPLASS: «The Red Box» blei tidlegare brukt som bøttekott. No er fleire ting tatt ut, men framleis oppbevaras det stoler og ein palle her. Det er også støvete og skittent på innsida.

STØVETE: Det er også støvete og skittent på innsida.

Foto: Mette Vollan / NRK

– Vi er ikkje stolte av korleis vi har tatt vare på «The Red Box», som ein del av samlinga. Det vert ikkje brukt som bøttekott no. Men dessverre er det litt slik på ein høgskule at ein set litt ting der, fortel Torgersen.

Ho seier dei har prøvd å ta vare på kunsten so godt dei kan, men innrømmer at dei framleis har ein veg å gå.

– Vi har etter beste evne forsøkt å ta vare på kunsten. Det heng saman med manglande kunstkompetanse og ressursar. Her kan vi verte endå betre, seier ho og legg til:

– Om hovudformålet med kunstsamlinga er bevaring så er nok ikkje ein høgskule den beste staden å ha den.

– Vi har etter beste evne prøvd å ta vare på kunsten, seier Marit Torgersen, som er direktør for digitalisering og infrastruktur ved INN. Her er ho avbilda ved skulen.

HØYRER TIL PÅ HØGSKULEN: Vi er kjempeglade for at vi fekk kunstsamlinga. Vi synest den høyrer til her og trur det er viktig at samtidskunsten til stades der folk er, seier Marit Torgersen, direktør for digitalisering og infrastruktur ved INN. 

Foto: Mette Vollan / NRK

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.