Hopp til innhold

Økonomisk pornografi

- Det er ein uting å grafse i kvarandre sin provatøkonomi, meiner økonom Siw Ødegaard om skattelistene.

Søk i skattelistene på NRK
Foto: NRK

Det er mange som er opptekne av skattelistene som no er lagt ut på dei fleste nettstadar. Ein kan sjekke blant anna naboen, kollegaen og kjendisar sin privatøkonomi.

- Det er så populært at dei fleste nettstadane har rangering av kven som tener mest og kven som tener minst i dei fleste bransjar.

Positivt

Økonom Siw Ødegaard

Økonom Siw Ødegaard

Foto: NRK

Då skattelistene først blei offentleggjort var ein av grunnane at det skulle vere offentleg kor mykje ein gir til samfunnet, av skatt ein betaler.

- Mogeleg at det var ein god idé den gong, men ikkje slik det har utvikla seg no. Inntekt og formue er blitt ein målestokk på kor vellykka du er. Då ser ein at offentleggjering av folk si inntekt og formue på ein måte fortel kor vellykka ein er innanfor forskjellege områder.

Og med det meiner Siw at vi får ei form for stigmatisering.

Blottstilt

Siw kjem med eksempel på korleis dette kan bli brukt feil.

- "Jøss tener ikkje pappaen din meir enn det!" Jøss, tener du så mykje mindre enn i fjor!" Ikkje berre er det ubehageleg å bli blottstilt på den måten.

Enklare for kriminelle

Frokost-TV økonomen fortel at ettersom skattelistene er offentlege er det enklare for kriminelle å få ei oversikt over kven som har store verdiar, og at ein i tillegg får bustadkommunen oppgitt.

- Klikkar ein seg då for eksempel inn på gule sider får ein adressa opp med ein gong.

Min skatteliste
Foto: NRK

Nett-TV: Siw Ødegaard i Frokost-TV

Sjekk lista

Det er viktig no med skatteoppgjeret at ein sjekkar tala, for kvart år er det ein del feil.

- Nokon kan få tre, fire nullar ekstra på inntekt eller formue, fortel Siw.

Men dei fleste feila er mindre enn dette.

- Det er ein del småfeil. Finn igjen den delen av likninga som ein har, og sjekk at det faktisk er riktige tal som står der.

Om feil

Illustrasjonsfoto: Skatteetaten
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Om ein finn feil i likninga kan ein klage innan 2. november, og då er det berre å skrive ein e-post eller sende eit brev og forklare kva som er feil fortel Siw.

Problemet er for mange at dette blir som ei parkeringsbot, ein må først betale for å kunne få det refundert.

- Ein har kanskje fått restskatt på 20-30 000 kroner som er feil, og når ein då kontaktar likningskontoret og ber om at likninga blir endra får ein nok beskjed om at det nok er feil, men at dei må ha ei behandlingsprosedyre på det. Då må ein betale inn pengane, og det kan vere tøft for mange.

Men det er mogeleg å få hjelp.

- Er det heilt klart at du har fått ein restskatt du ikkje skal ha, og beløpet er slik at du problem med å gjere opp, då vil eg råde personen til å legge fram problemet og høyre om saka kan ligg ei ro, medan den blir behandla på likningskontoret.

Søk i skattelista her

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK