NRK Meny
Normal

Offentleggjorde sex-meldingar – fekk hets tilbake

Kvinnene som fortalde at dei hadde fått seksuelt krenkande meldingar frå ein professor ved Universitetet i Stavanger, opplever å bli hetsa på nett. Fleire meiner professoren berre flørta, og at kvinnene har øydelagt livet hans.

somehets, meldinger, Langeland

I sosiale medium tek mange brukarar professoren i Stavanger i forsvar. Dei meiner kvinnene som har fått meldingar, har øydelagt livet hans ved å fortelje om det.

Foto: SKJERMDUMP / NRK

Fleire kvinner fortalde denne veka at dei hadde fått krenkande meldingar frå ein professor ved Universitetet i Stavanger. Forfattar og litteraturstudent Maria Kjos Fonn sa til VG at ho har fått meldingar frå professoren sidan april. Det var nettavisa Khrono som skreiv om saka først.

Eline Lund Fjæren var den som først offentleggjorde meldingane på nett. Ho har ikkje fått meldingar frå mannen sjølv, men fleire av venninnene hennar hadde fått meldingar. Fjæren ville vise at det nyttar å seie ifrå.

– Eg hadde ein mistanke om at det var fleire unge kvinner som hadde fått slike meldingar. Ved å offentleggjere meldingane, ville eg vise til dei at det nyttar å seie ifrå.

Flørting

Erle Marie Sørheim

Journalist og forfattar Erle Marie Sørheim synest det er underleg at mange forsvarar professoren på nett ved å kalle meldingane hans for flørting.

Foto: Privat

Publiseringa av meldingane har ført til debatt i sosiale medium denne veka. Kvinnene som har stått fram har også fått karakteristikkar som «psycho feminist-bitch». Mange av dei som har kome med tilbakemeldingar, meiner professoren berre flørta, og at kvinnene burde ta det som eit kompliment.

Ei av dei som stod fram med meldingar ho har fått frå professoren, var journalist og forfattar Erle Marie Sørheim. Ho kommenterte noko på Facebook, og fekk seksuelt krenkande meldingar tilbake.

– Eg blei sett ut, og kjende eit fysisk ubehag. Det er vanskeleg å svare på ei slik merksemd fordi svara blir vridd til meir kritikk av deg sjølv. Det er ein umogleg situasjon å kome opp i.

Ho har også fått mange tilbakemeldingar etter at ho fortalde om meldingane som blei sendt til henne. Ho synest også ein del av hetsen og kritikken er underleg:

– Eg såg på Facebook at nokon kalla meldingane frå professoren for amorøse meldingar. Då lurer eg på kva slags syn dei har på romantikk.

Sinte menn

Eline Lund Fjæren

Eline Lund Fjæren angrar ikkje på at ho publiserte meldingane frå professoren på nett, sjølv om reaksjonane har vore sterke.

Foto: INGVILD GRENDSTAD

Men sjølv om mange av reaksjonane har vore sterke, seier Fjæren at ho ikkje er overraska over responsen som har kome i kjølvatnet av publiseringa:

– Eg opplever at mange menn reagerer i sinne. Eg er ikkje spesielt overraska over alt rabalderet denne saka har skapt. Men det at så mange, både unge og eldre menn, reagerer med eit så sterkt sinne, og ikkje nølar med å ta professoren i forsvar, synest eg er urovekkande.

NRK har forsøkt å få ein kommentar av professoren utan å lukkast.

Universitetet i Stavanger ønsker ikkje å diskutere saka i media, og seier til NRK at saka er ei personalsak som er omfatta av teieplikt, og må behandlast etter det. Dei viser elles til ei fråsegn om saka dei har lagt ut på nettsidene til universitetet.