Det var fotballproff Tore Andre Flo som innviterte Oddvar og Jorunn til Siena. På ein dagstur til Firenze gjekk det galt.
- Vi skulle sjå Michelangelo og besøke 10-15 musem, men vart gåande og sjå i bosspann i halve Firenze i staden, seier ein lett fortvila Torsheim.

Torsheim har dei siste ti åra alltid gått med skulderveska og ein raud halsduk. No har han berre halsduken att. Foto: Arild Nybø
For på ein kafe vart Torsheim fråstjålen den kjære skulderveska si. Ei veske som inneheld både pengar, pass og ikkje minst skisseblokk med tankar og idear som kunstnaren stadig noterte seg.
- Eg kalla veska for sambuaren min, seier Torsheim.
Torsheim har dei siste ti åra alltid gått med skulderveska og ein raud halsduk. No har han berre halsduken att. Men han trøystar seg med at han mista telefonboka si også.
- No slepp eg å ringa til folk meir, og alt maset, avsluttar han.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre Radio Røynda.
Norgesglasset NRK P1 01.04.2004