Hopp til innhold

– Songen har nok drama til ein romantisk Hollywood-komedie

– Eg har sunge denne mange gonger, og det var moro kvar gong, seier Odd Nordstoga om Mozart-songen der den desperate fuglefangaren endeleg får seg kjærast.

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga har nærast forhold til musikk han har jobba med sjølv.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Odd Nordstoga er tredjemann i serien med artistar som vel ut favorittar innan klassisk musikk, og på toppen av hans liste står musikk han har jobba med sjølv:

– Når ein jobbar med stoffet, vert ein kjend med musikken innafrå, og kjem inn i den på ein heilt annan måte enn når ein kjem utafrå som publikummar eller analysator, seier Odd Nordstoga.

Les: – Bachs musikk er catchy

Les: – Denne heldt meg inne heile våren

Song i folkemusikkversjon av «Tryllefløyta»

Odd Nordstoga ga ut si første plate allereie i 1997, og slo gjennom med albumet «Luring» i 2004. I 2005 hadde Odd Nordstoga rolla som Papageno, eller rettare sagt «Fuglefanten», i ein folkemusikkversjon av Wolfgang Amadeus Mozarts opera «Tryllefløyta».

– Det er kjærleikshistoria til Fuglefanten som er den beste og mest sjarmerande historia i operaen, meiner Nordstoga.

Nordstoga har valt ut den siste scenen til sin rollefigur, der Papageno først vil henge seg fordi han ikkje finn nokon kjærast. Det endar godt med at han får si Papagena:

– Eg har sunge denne mange gonger, og det var moro kvar gong. I dette strekket ligg jo dramaturgi nok til ein heil romantisk komedie frå Hollywood.

Nordstoga ser på denne scenen som den eigentlege finalen i Tryllefløyta:

– Det meiner eg sikkert fordi det var den rolla eg hadde, men det får så vere. Og så er det jo herleg briljant skrive, særleg seansen med «fuglefenta».

(framført av Gerald Finley, Constanze Backes og Dei engelske barokksolistane, dirigert av John Eliot Gardiner)

– Så flott at ein blir sitjande aldeles i andakt

I tillegg til den muntre duetten med dei to kjærastane, vel Odd Nordstoga seg frå Tryllefløyta den alvorsame arien «Ach ich fühl's, es ist verschwunden», sunge av den andre kvinnelege hovudpersonen Pamina.

– Denne musikken er jo så flott at ein blir sitjande aldeles i andakt, seier Nordstoga.

– Eg trur det har å gjere med enkelheita i rytmikken og dei finurlege vendingane som musikken likevel tek.

Nordstogas favorittinnspeling av songen er med den tyske sopranen Christiane Oelze:

– Pamina har i denne tappinga ein reinare og mindre overivrig vibrato. Ho syng på ein måte som gjer rolla truverdig og når såleis fram på ein aldeles fortryllande måte. Du blir jo heilt fortapt i Pamina i Oelzes tolking, meiner Nordstoga.

(framført av Christiane Oelze og Dei engelske barokksolistane, dirigert av John Eliot Gardiner)

– Forklarar himmelen for meg

Johann Sebastian Bach «Goldbergvariasjonar» er eit unnatak frå regelen for Odd Nordstoga – musikk han er glad i sjølv om han ikkje har spelt han sjølv.

– Når eg høyrer Glenn Gould spele innleiinga til Golbergvariasjonane, tenkjer eg at vel er mennesket profant og lite og tafatt, men storleiken i kunsten ligg i at den lagar mennesket større enn seg sjølv, seier han.

– Eg veit ikkje om eg trur på Gud akkurat. Men musikkstykke som dette forklarar på ein måte himmelen for meg, hundre gonger betre enn nokon prest eller bibeltekst har greidd. Og sidan eg gjennom å lytte til denne musikken tenkjer at det finst ein Gud – ja, så finst han vel, då.

(spelt av Glenn Gould)

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.