Hopp til innhold

Oda Gondrosen vidare til MGP-finalen: – Håper det norske folk sender meg til Torino

Den vikinginspirerte låten og sceneshowet slo an. Oda Gondrosen er vidare til MGP-finalen etter å ha slått ut dei tre andre artistane i årets tredje delfinale i Melodi Grand Prix 2022.

Oda Gondrosen på scenen under Melodi Grand Prix 2022.

Oda Gondrosen er vidare til finalen av MGP med låten «Hammer Of Thor».

Foto: Julie Marie Naglestad / NRK

– Det er heilt sjukt gøy. Dette betyr alt for meg, sa Gondrosen rett etter at ho fekk finalebilletten.

Korleis kjennest det?

– Det har ikkje gått heilt opp for meg enda. Eg ser ned på gullpasset, og det skal rett opp på hylla når eg kjem heim.

Oda Gondrosen har drøymt om dette heile livet og no er ho eit steg nærare Eurovision. Det skal feirast med eit glas champagne saman med sambuaren,

Men det har ikkje berre vore lett. Ho påpeiker at det har vore mykje motstand, for ho gjekk verken til topps i Idol eller The Voice.

– Nokre gongar kjennest det tungt, men ein må ikkje gje seg. Vinnarkjensla eg har no er deilig.

Artisten meiner at det ikkje er det same å høyre låten på Spotify som å sjå den live med sceneshow.

Ho har allereie fått gode tilbakemeldingar ute i Europa.

– Håper at folk her heime ser kor godt den kan slå an i utlandet og sender meg til Torino.

– Tusen takk til alle som har stemt. Ein kjem ingen veg utan at folk likar det ein driv på med.

I den tredje delfinalen kjempa ho imot VILDE, Sturla og Mari Bølla om ein finaleplass i Melodi Grand Prix.

Første duell

Først ut i elden var Mari Bølla (17) frå Stavanger med låten «Your Loss».

Mari Bølla «Your Loss»

Nokre kjenner kanskje att Bølla frå Idol. For i 2020 stakk ho av med sigeren og blei med den yngste vinnaren av songkonkurransen nokosinne. Ho er også den yngste deltakaren i MGP i år.

– Eg har så lyst til å vise Noreg, men også resten av Europa og verda kva eg har å gje. Å komme til finalen er draumen. Eg elskar MGP sjølv og har sett på det sidan eg var lita.

Frå tredje delfinale i MGP 2022.

Mari Bølla på scena under Melodi Grand Prix 2022.

– Sang og musikk betyr alt for meg. Eg visste at eg kom til å stå på denne scena ein dag.

Bølla var kledd i kvite frynser og sceneshowet var spektakulært i ekte MGP-ande.

– Låten handlar om det å vere sterk og finne styrken i vanskelege stunder. Inspirasjonen er frå mitt fyrste brot. Men det er ein skikkeleg party-låt.

Oda Gondrosen «Hammer Of Thor»

Tidlegare Idol og The Voice-deltakar Oda Gondrosen er tilbake på scena med låten «Hammer Of Thor». Og frisyren matchar låten som er i ekte vikingstil. Det er ikkje fyrste gong ho konkurrerer mot Mari, for dei kjempa begge om å komme på pallen i Idol i 2020.

– Det å vere med på MGP kjennest heilt utruleg og det er ein stor draum som går i oppfylling.

Frå tredje delfinale i MGP 2022.

Oda Gondrosen på scena under Melodi Grand Prix 2022.

Ho fortel at låten handlar om girlpower og det å ta makta.

– Dei seier at når Tor kastar hammaren, så treffer han akkurat det han siktar på. Så no tek eg hammaren, kastar og siktar på MGP-finalen. Så får vi sjå om det går.

Publikum sende Oda Gondrosen vidare til gullduellen.

Andre Duell

Den 27 år gamle Sturla Fagerli Larsen var først ut i den andre duellen.

Sturla «Skår i hjertet»

«Skår i hjertet» syng han i kjend stil på dialekt.

Han kallar seg for ein ekte trønder og meiner han er Trøndelag sitt svar på Chris Martin frå Coldplay.

– Det er tøft å møte Vilde i ein duell. Men det er berre å skru på det ein har av sjarm og talent og satse på at det held. Nervane er der alltid, men eg tenker at det må bli lekkert.

Frå tredje delfinale i MGP 2022.

Sturla Fagerli Larsen på scena under Melodi Grand Prix 2022.

Låten har han skrive saman med kjærasten sin og veka etter forlova dei seg.

Vilde «Titans»

Vilde Johannessen (26) har gått på den kjende musikkskulen LIPA i England. Ho meldte seg på MGP utan å komme med fire gongar, men i år gjekk det.

– Eg er svært dedikert og brenn 100 prosent for dette. Eg arbeider beinhardt for å komme dit eg ønskjer å vere.

Frå tredje delfinale i MGP 2022.

Vilde Johannessen på scena under Melodi Grand Prix 2022.

– Det som er så fint med musikk er at ein kan formidle ting som ein elles ikkje hadde turt å seie. Den kan trøyste, inspirere og gje glede.

Ho glitra då ho framførte låten sin «Titans», men skalv då ho var ferdig.

Trass nervane kom Vilde vidare til Gullduellen.

– Det er så gøy! Skulle ønskje det var Grand Prix kvar einaste dag, heile året.

NorthKid: «Someone»

Bilal Saab som vann Stjernekamp i 2019 har tatt med seg kameratane frå nord. NorthKid er kanskje verdas nordlegaste boyband.

Bandet Northkid på scenen under Melodi Grand Prix 2022.

Bandet Northkid på scena under Melodi Grand Prix 2022.

Foto: Julie Marie Naglestad / NRK

Dei gav jernet sjølv om dei var forhandskvalifiserte til MGP-finalen og slapp å bekymre seg for å få nok stemmer til å komme seg vidare.

Saab deltek i MGP saman med Helge Moen, Håkon Guttormsen, Sebastian Willassen og Vegard Olaussen.

Songen handlar om kjærleik og kjærleikssorg.

– Det hadde betydd sjukt mykje å få lov til å representere Noreg i Eurovision. Det er jo OL for musikarar, sa Saab.

Gullduell

På slutten av sendinga var det Vilde Johannessen med låten «Titans» og Oda Gondrosen med «Hammer Of Thor» som kjempa om publikum sine stemmer og ein plass i MGP-finalen.

Oda Gondrosen på scenen under Melodi Grand Prix 2022.

Oda Gondrosen er med i gullduellen og er dermed eit skritt nærare draumen om å representere Noreg i Torino.

Foto: Julie Marie Naglestad / NRK

Til vanleg syng Gondrosen balladar og pop, men no var ho var klar for å prøve noko nytt. Då blei det trommer og norrøn mytologi.

– Eg elska denne låten med eitt og tenkte, dette er Oda. Det er ei anna side av meg som eg ikkje har fått moglegheita til å vise.

Vilde Johannessen på scenen under Melodi Grand Prix, 2022.

Kjem Vilde til å slå Oda i gullduellen?

Foto: Julie Marie Naglestad / NRK

Musikken hjelper Vilde med å gløyme bekymringar og stress i livet.

– På scena går eg litt inn i mi eiga boble.

Etter to duellar og ein gullduell kom dommen frå folket. Oda Gondrosen gjekk sigrande frå den tredje delfinalen av MGP og slo dermed VILDE, Sturla og Mari Bølla.

Koronaprega sending

Korona prega dagens sending. Mikkel Niva og Annika Momrak leia showet utan Kåre Magnus Bergh som hadde testa positivt for korona.

– Vi held sjølvsagt fram med vår programleiar-isolasjonsstorleik denne laurdagen også, sa Annika Momrak før konkurransen braka laus.

– Førre veke var det du som var litt borte vekke. Denne veka var det Kåre Magnus som fekk ein ufrivillig kveld i sofakroken. Men vi held koken, sa Niva.

Og i staden for den mystiske duoen Subwoolfer som også blei ramma av koronasmitte, stod altso forhandskvalifiserte Northkid på scena.

Heldigvis var resten av artistane friske.

Kven som endar opp med å representere Noreg under Eurovision i Torino, Italia, får vi svar på den 19 februar.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)