Obama: – Vil ha eit kontor med hjørne

I eit «jobbintervju» med komikar Stephen Colbert fortel presidenten kva ønsker han har for sin neste jobb.

Helga
Journalist

President Barack Obama er snart ferdig i det kvite hus, det betyr at Obama må finne seg ein ny jobb.

Stephen Colbert som «Randy»

«Late Show»: Programleiar Stephen Colbert sjekkar CV-en til Barack Obama.

Foto: Faksimile / CBS

På «Late Show» på CBS natt til tysdag tok programleiaren Stephen Colbert rolla som «Randy», ein slags CV-meldar, som gjekk igjennom Barack Obama sin CV for å gje råd før eit eventuelt jobbintervju.

Då Randy studerer CV-en legg han merke til at Obama ikkje har blitt forfremma i løpet av dei siste åtte åra.

– Det er jo ikkje alltid bra, kan du forklare det?

Obama svarer at det ikkje var så mykje rom for forfremming i hans førre jobb.

– Den einaste med meir makt enn meg er kona, sa Obama.

Randy lurer på om Obama har erfaring med Twitter.

– Vel, eg har 77 millionar følgarar, teller det?

– Vil ha eit kontor med hjørne

Når dei kjem inn på temaet om kva prisar presidenten har fått løpet av karrieren, kan Obama slå i bordet med at han har fått nesten 30 ærestitlar.

– Dessutan har eg fått Nobels fredspris, seier Obama.

– Kvifor fekk du den?

– For å vere ærleg så veit eg framleis ikkje, seier Obama og spelar forundra.

På spørsmål om kva slags kontor Barack Obama kunne tenke seg i sin neste jobb, dissar Obama sitt nåverande kontor, det ovale kontoret.

– Eg vil iallfall ha eit kontor med hjørner, seier Obama.